Musikk
Arkivet: Sildajazz 2022
Pat Methenys trio spelar i fleire norske byar i august.
Foto: Jimmy Katz
Sildajazz fyller 35 år og smeller til med eit kjempeprogram i sommar, nærare bestemt 10.–14. august. Gitarist Pat Metheny, som sleppte ei framifrå konsertplate i fjor, Side Eye NYC (V1. IV), kjem i trioformat, og det same gjer gitarist Trond Kallevåg, som saman med Mats Eilertsen (bass) og Gard Nilsen (trommer) framfører det nye prosjektet Minnesota (kalla opp etter den nordamerikanske delstaten så mange norske utvandrarar fann vegen til på 1800-talet).
Komponist og bandleiar Maria Schneider får følgje av Oslo Jazzensemble til framføringa av samfunnskritiske Data Lords, men festivalen har plass til både veteranar og nye røyster, som Hannah Storm, som musikkbransjen peikar på som eit av dei store talenta vi vil sjå meir til i åra som kjem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.