Arkivet: H. Hawkline
H. Hawkline er både biletkunstnar og musikar.
Foto: Heavenly Records
Eg hadde aldri høyrt H. Hawkline – eller Huw Gwynfryn Evans, som han eigentleg heiter – før han vandra inn på scena på klubben Mohawk i Austin i Texas i sommar for å varme opp for Aldous Harding (han dukka seinare på kvelden opp igjen i turnébandet hennar). Walisaren introduserte seg, sette seg ned med gitaren og trykte play på teipen bak seg, som fungerte som husband, så gjekk han i gang med opningssongen på I Romanticize (2017), «Means That Much», som etter dette første møtet vart ein sommarfavoritt. Ei fin røyst og ein smart tekst om apati og kjærleik, der det snart nok kjem fram at mannen også er ein stilsikker gitarist.
Du kan gjere verre ting denne fredagen enn å gi den songen ein sjanse, og kanskje også den som avsluttar I Romanticize, «Last Thing On Your Mind», som fekk H. Hawkline til å reise seg og danse litt den sommarkvelden på Mohawk. At han også er biletkunstnar, overraskar ikkje meg. Vil du finne ut meir, så legg vegen om heimesida, som er etter min smak: «He has giant hands like his Dutch forefathers and smokes like a chimney. He is a health and safety nightmare. He is stone soup.»
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg hadde aldri høyrt H. Hawkline – eller Huw Gwynfryn Evans, som han eigentleg heiter – før han vandra inn på scena på klubben Mohawk i Austin i Texas i sommar for å varme opp for Aldous Harding (han dukka seinare på kvelden opp igjen i turnébandet hennar). Walisaren introduserte seg, sette seg ned med gitaren og trykte play på teipen bak seg, som fungerte som husband, så gjekk han i gang med opningssongen på I Romanticize (2017), «Means That Much», som etter dette første møtet vart ein sommarfavoritt. Ei fin røyst og ein smart tekst om apati og kjærleik, der det snart nok kjem fram at mannen også er ein stilsikker gitarist.
Du kan gjere verre ting denne fredagen enn å gi den songen ein sjanse, og kanskje også den som avsluttar I Romanticize, «Last Thing On Your Mind», som fekk H. Hawkline til å reise seg og danse litt den sommarkvelden på Mohawk. At han også er biletkunstnar, overraskar ikkje meg. Vil du finne ut meir, så legg vegen om heimesida, som er etter min smak: «He has giant hands like his Dutch forefathers and smokes like a chimney. He is a health and safety nightmare. He is stone soup.»
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.