Musikk

Mangfald og refleksjon

Med andreplata har trioen teke store steg.

Liv Andrea Hauge (t.h.) har med seg August Glännestad på trommer og Georgia Wartel Collins på bass.
Liv Andrea Hauge (t.h.) har med seg August Glännestad på trommer og Georgia Wartel Collins på bass.
Publisert

Ville blomster er den andre plata til Liv Andrea Hauge Trio. Trass i at besetninga er den same og låtane er skrivne av Hauge, er utviklinga frå debuten Live from St. Hanshaugen slåande. Det har sjølvsagt samanheng med at debuten blei teken opp berre ei veke etter at dei hadde byrja spela saman. Medverknad i turné- og mentorprogrammet Footprints har sveisa saman trioen, og nokre dagar i Atlantic Studio i Halden har dei brukt særs godt.

Dei åtte låtane har svært ulik karakter, og det er fin variasjon i korleis trioen nærmar seg stoffet. Sjølv om improvisasjonselementet er til stades i rik mon, står den einskilde komposisjonen på eigne bein. Opningskuttet «Det vokser ville blomster på månen» er ein idyllisk vals med eit matt strøk av melankoli og bass- og pianokor som får fram djupna i låten, spesielt Hauges hint til Jan Johansson er elegant.

Hauge kombinerer også det enkle og lyriske med støykontrastar i «Vår». Kontrastane blir brukte på anna vis i «Fri flyt», og trioen kastar seg hemningslaust ut i den frie improvisasjonen «Du og jeg, baby».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement