Livredd lysta
Litteratur, lyst, klasse og kjærleik er kjende ingrediensar i ein nyansert og fin fransk film.
Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Ahmed (Outalbali) byrjar på litteraturstudium ved Sorbonne, ei dryg kollektivreise frå forstaden der han bur med foreldra og systera. Første dag får han dei usikre augo opna på stilk av stilige Farah (Belhajamor). Ho kom nett frå Tunisia. Ho er sjølvsikker og vil leve det bohemske livet i Paris. Han må søke opp «kule stadar i Paris» for å vise henne eit liv han sjølv aldri har opplevd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.