Litteratur
Påske 1960
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Edgar Allan Poe har i «The Haunted Palace» skrive ei syrgjeleg soge. Men kor sann! Du kan berre sjå deg attende, du som venteleg han gjorde, so ser du sanningi. Å ungdom! Kor gløggsynt du er!
Det er Poes ære at han vart trugen imot sitt livs svik. Det kom tidleg, venteleg alt i barneåri, men han vann ikkje yver det. Kven gjer elles det? Ingen. Den blomen som vert tidleg broten, vert ikkje som andre. Å lesa Poe er å møta sin ungdom att. Si såre lengsle, livsgru, dødsdrift og nevermore og sårmod.
Kva for? Ja seg det. Du veit det sjølv. Eg veit det i alle fall. Kva hjelper det å byrja å slå på vilje og Emerson? Nei, Poe. Trugen imot ditt nederlag, imot di ungdoms sorg, den æra skal du ha. Elles kunde ein gjerne skriva litt um Poe og hans stilling i verdslitteraturen. Her i landet vert han halden for ein av dei største lyrikarane i verdi.
Fyrste gong eg møtte navnet Edgar Allan Poe var i Essays av Nils Kjær. Det var ikkje måte på kor han kytte yver denne merkjelege versekunsten, serleg hugsar eg kva han sa um The Raven. Seinare har eg kome til eit litt anna syn, eg veit i alle fall at alle ikkje er so heilt samde med Kjær.
Dei som fyrst gjorde han verdskjend, var vel franskmenn. Poe vart ein heilag mann for Baudelaire, han bad kvar kveld forbøn for far sin, syster si – og Edgar Allan Poe, heiter det. Ettermennene til Baudelaire, symbolistane – tok yver Poe-dyrkingi, og det var vel frå dei Kjær hadde sitt syn på diktingi til denne underlege amerikanaren. Mallarmé sette um dikti hans og dikta sjølv ein sonett til Poe.
At desse franske giftbryggjarane lika Poe, er ikkje underleg; død og dødsredsle, skrymt og gravstemningar, sår mod og lengsle er mykje innhaldet i deira dikting òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.