Kunst

Kurt Schwitters på Hjertøya

Merzbau på Hjertøya.
Merzbau på Hjertøya.
Publisert

Hjertøya er den største av Moldeholmane, ei idyllisk øy for bading og friluftsaktivitetar. Her ligg også den vesle steinbua som den tyske kunstnaren Kurt Schwitters (1887­–1948) budde i på 1930-talet. I 1932 leigde han denne potetkjellaren på tolv kvadratmeter på ein tidlegare husmannsplass. Her ville han vere med kone og son om somrane.

Han utbetra husværet på enklast vis, med takpapp og 100 brukte margarinkassar. I tillegg til å ordne seg med vedomn, sengeplassar og slikt ein treng i kvardagen, gjorde han bygget om til eit kunstprosjekt. Schwitters hadde lenge arbeidd med noko han kalla merz-bilde, der papirfragment frå allslags trykksaker var monterte saman til kollasjar. På liknande vis smykka han steinhytta med tette lag av avisutklipp, bilde og dokument, til ei såkalla Merzbau.

Det sterkt eksperimenterande og radikale uttrykket låg fjernt frå kunstmiljøet i Noreg. Schwitters vart nok sett på som ein framand fugl i Romsdalen. Den allsidige kunstnaren var oppteken av norsk natur, og han måla mange landskap i meir tradisjonell stil. Denne delen av kunstnarskapet fall betre i smak og sikra han ei viss inntening også i Noreg.

I fleire år var han på Nordvestlandet i kortare opphald, men den politiske situasjonen i heimlandet skulle endre dette. Over nyttår 1937 fekk Schwitters beskjed om at Gestapo ønskte ein samtale. Då slo han seg ned på Hjertøya, fram til han ?ykta frå Noreg i 1939.

Hytta vart ståande utan tilsyn i 50 år. Først i 2015 vart det unike interiøret konservert og teke vare på i eit eige Schwitters-rom i Romsdalsmuseet i Molde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement