Kunst
Kunstakademi i fengsel
Fangearbeid frå Kongsvinger fengsel, 2006.
Foto: Justismuseet
Til alle tider har innsette skapt kunst i fengsel. Som dei majestetiske løvene utanfor Stortinget. Dei vart hogde av straffangen Gulbrand E. Mørstad i 1866.
I dei seinare femti åra har ei rekke fengsel hatt tidsavgrensa kunstprosjekt i samarbeid med profesjonelle kunstnarar. Eit døme er Prosjekt Form ved Kongsvinger fengsel i 2007, som munna ut i ei omfattande kunstutstilling.
Til våren opnar den første permanente kunstutdanninga i eit fengsel her til lands. Det nybygde Agder fengsel får eit kunstakademi, med fullt utstyrt verkstad og galleri i avdeling Froland og kurs og aktivitetar i avdelinga i Mandal.
Agder kunstakademi er leia av den statlege kunstforvaltaren Koro – Kunst i offentlege rom. Dei har oppretta kunsttilbodet i staden for å levere utsmykking. Når det vert oppført nybygg, skal 0,5–1,5 % av byggebudsjettet brukast på utsmykking. Men i dette høvet er det laga ein spenstig omveg. Profesjonelle kunstnarar har forma eit samansett undervisningsprogram av solid kvalitet og vil halde kurs og samarbeide med studentane om å skape verk som blir ei permanent samling som skal smykke fengselet.
Dette uvanlege prosjektet skal ferdigstillast innan 2023. Så får vi håpe at prosjekta resulterer i arbeid som også vert viste utanfor fengselsmurane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.