Kunnskapen i «denne sal»StortingetJan Inge SørbøBåde Per Tore Dalen og Jo Heinum har (Dag og Tid 12. oktober) kommentert min artikkel «Geispar løvene?» (Dag og Tid 5. oktober). Vi ser ut til å dela ei viss bekymring for at Stortinget og representantane de
Både Per Tore Dalen og Jo Heinum har (Dag og Tid 12. oktober) kommentert min artikkel «Geispar løvene?» (Dag og Tid 5. oktober). Vi ser ut til å dela ei viss bekymring for at Stortinget og representantane der skal missa respekten i Noreg, men begge finn resonnementa mine mangelfulle. Det får lesarane døma om, men eg vil kommentera eit par punkt.
Dalen introduserer perspektivet til statsvitarane Olsen og March, som var opptekne av at politikken sjølv gav frå seg makt. Det er ei bekymring eg deler. Men når eg hevdar at kunnskap blir viktigare enn før også for Stortinget, forstår Dalen det i retning av eit akademisk regime, der Stortinget blir seminar, medan Heinum plasserer meg i selskap med demokratiskeptikaren Platon og hans filosofstat. Det gjev meg høve til ei presisering. Når kunnskapen blir så viktig akkurat no, er det fordi den samla informasjonsstraumen i dag er ei vill blanding av fakta, ideologiar, rein propaganda frå antifaktiske nettstader og medviten desinformasjon. Den kunnskapen Stortinget skal ta i bruk, er ikkje berre akademisk kunnskap av ulik art, men kunnskap som kjem frå folkerørsler, organisasjonar, yrkesliv og arbeidsliv. Heller Aristoteles enn Platon; for den første la stor vekt på erfaringsbasert kunnskap frå politikk og samfunnsliv. Det viktige med Stortinget og politikken er at ein vurderer kunnskap frå slike kjelder ut frå omsynet til heilskapen i samfunnslivet. Flytter denne funksjonen ut av politikken, blir berre partsinteressene att.
Heinums ærend får eg ikkje heilt tak i. Han peikar med rette på at Stortinget alt arbeider med viktige og store saker, og at dei har tilgang til presis kunnskap. Men frå dette poenget går han rett over på eit forsvar for PR-bransjen, som vi treng fordi politikken er styrt av dei som er minst interessert i politikk. PR-bransjen har mellom anna skapt det positive biletet av Solberg, skriv han, utan at eg får heilt tak i om dette er eit sterkt argument for bransjen. Brodden i min argumentasjon er at PR-bransjen neppe hjelper oss i kløfta mellom kunnskapsrike aktørar og veljarar som veit mindre. Dei tonar ned politikkens leiarfunksjon og dens kunnskapsformidling og krev i staden at politikken skal retta seg etter publikums respons med ein gong. Akkurat på dette punktet kunne Platon brukast, når han kritiserer sofistane for å gjera sigeren i debatten viktigare enn sanninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.