Musikk

Ingen plan B

The Delines og Hurray for the Riff Raff kombinerer forteljekraft og sosialt medvit verknadsfullt.

Som Woody Guthrie prøvde Alynda Segarra seg som farande fant.
Som Woody Guthrie prøvde Alynda Segarra seg som farande fant.
Publisert

Rock

Dei er ute i eit skikkeleg uføre, Earl og broren, då vi møter dei i «Little Earl», opningssongen på The Sea Drift, det nye albumet frå The Delines. Earl er ikkje større enn at han treng ei pute for å kunne sjå vegen, der han køyrer langs Golfkysten, medan broren ligg og blør i baksetet. Kva no?

Låtskrivar Willy Vlautin kastar oss rett inn i situasjonen, og der held han oss, i dei vel fire minutta «Little Earl» varer. Det er noko han har gjort før, på fleire plater med Richmond Fontaine, og særleg på eit par med The Delines, der den utsøkte vokalisten Amy Boone har akkurat den røysta orda hans treng.

Vlautin, som også er forfattar bak ei rekkje kritikarroste romanar, innrettar songane sine med ein knapp, novellistisk økonomi, og han har ein kresen sans for dei rette detaljane som pustar liv i ein scene i ein låt. I passasjersetet ligg det ein tolvpakning øl, tre frosenpizzaer og eit par lighterar – butikkranet har ikkje gått som det skulle, og det hastar med ein plan B, for bilen til onkelen kan dei jo ikkje dukke opp på eit sjukehus med.

Ettertanke

The Sea Drift følgjer The Imperial (2019), og har dei same kvalitetane. The Delines kler songane med ein elegant, dempa minimalisme, og det er freistande å særleg trekkje fram Cory Gray på tangentar og trompet, ikkje minst på nett «Little Earl», og i instrumentalspora som gir lyttaren rom for ettertanke og refleksjon mellom slaga. Vi held oss ved kyststripa gjennom songane, og i bileta i tekstane teiknar det seg eit tydeleg landskap, som husa på stylter Earl ser gjennom vindauget der brørne køyrer langs Holly Beach.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement