I fri flyt

Kristine Næss skriv med snert og eleganse om «köttets lust och själens obotliga ensamhet».

Kristine Næss debuterte med ei diktsamling og har skrive fleire romanar.
Kristine Næss debuterte med ei diktsamling og har skrive fleire romanar.Kristine Næss debuterte med ei diktsamling og har skrive fleire romanar.
Publisert

Roman

«En plutselig frigjørende tanke», heiter det hos Kjell Askildsen, og hos Ingeborg, forteljaren i Kristine Næss’ nye roman, er det mange plutselege tankar, men ingen av dei er frigjerande. Ingeborg har ein ambisjon om å skrive ei avhandling om namnesystera Ingeborg Bachmann; problemet er berre at ho har korkje bachelor- eller mastergrad, men på skissestadiet ser ho for seg at ho skal ta innersvingen på venninna Kristine, som har doktorgrad på nettopp Ingeborg Bachmann og som ho meiner har stole både idear og formuleringar frå hennar notat. No har Ingeborg passert 50, ho har stranda i det mellombelse og jobbar deltid i eit bemanningsbyrå.

Livsløgn

Likevel har ho noko å vise til gjennom to romanar der den eine, I fri flyt, vekte oppsikt ved å ta samtida på kornet. Det er ti år sidan; no lever ho sjølv i fri flyt utan grep om eige liv, forskansa i sjølvbedrag mens ho sminkar si eiga einsemd med draumen om den store og frigjerande avhandlinga, ikkje ulikt Hjalmar Ekdal i Vildanden, han som baserer tilværet på ei livsløgn om den store oppfinninga som skal revolusjonere fotografiet, fint balansert mellom komedie og tragedie.

Ingeborg tenkjer stort og analytisk kring det samfunnet ho lever i, og pensar innom både klasseomgrepet, den teknologiske utviklinga og immaterielle verdiar, framandgjering og overskriding av det framandgjorde inn i utopien, og det er det utopiske hos Ingeborg Bachmann ho har som brennpunkt i avhandlinga. Samtidig går det fort i stå, og alle slags trivialitetar tar tid og tanke og konsentrasjon. Denne pendlinga mellom det høge og det låge turnerer Næss med humor og ironi og med ein språkleg fantasi som svært få kan vise maken til.

Rikt språk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement