Bok

Forteljingar om varsla mord

Eg har sett jaguaren er ein rik vev av lagnader og liv under brutale vilkår, blodraud og intrikat som blusane til mayakvinnene.

Forfattar og journalist Sigrun Slapgard.
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard.
Publisert

Krig og diktatur går som raude trådar gjennom historia til Latin-Amerika. Valden er som ein hissig brann ein kanskje klarar å dempe i eit område for ei stund, men som held fram med å ulme og blussar opp ein annan stad. I Eg har sett jaguaren kan vi lese om nokre av desse konfliktane og menneska som lever med dei: diktaturet i Argentina, borgarkrigane i El Salvador og Colombia, fridomskampen til mayaene i Mexico og Guatemala gjennom fleire tiår.

Vi er mange som til liks med Slapgard har kjent på dragnaden mot denne mangfaldige verdsdelen i vest. Latin-Amerika er så framandt at det aldri sluttar å fascinere, samtidig er det såpass forståeleg at det er mogleg å få eit innblikk i kultur og menneskelagnader. Det som trollbind ein nordbu, er ikkje berre dei ulike folka og kulturane, men òg den potente blandinga av det vakre og det grufulle, det mjuke og det iskaldt harde. Dette er verdsdelen som Columbus skildra som eit paradis som fekk han til å gråte. Jaguaren har ein vakker pels, men òg klør og tenner som kan drepe.

På innsida

Slapgard har sidan 1980-åra arbeidd tett på menneske og konfliktar i området. I boka auser ho av alt ho har høyrt, sett og røynt. Forfattaren har eit tydeleg etos og skriv ein tekst med fargar, lukter og lydar. Gjennom menneskelagnader kjem krigane og konfliktane oss nær på ein heilt annan måte enn om vi les nyhendemeldingar i ei avis. Forfattaren har personleg følgt menneske gjennom tiår, i den kampen dei fører og har ført mot brutale regime og for å halde seg sjølve i live.

Ei av dei Slapgard har vore aller tettast på, er kunstnaren Gitte Dæhlin, som døydde i 2012. Dæhlin budde mesteparten av livet i Mexico, og gjennom venskapen med henne kom Slapgard på innsida av det meksikanske samfunnet, særleg urbefolkninga. Ei anna kvinne vi får høyre inngåande om i boka, reiste andre vegen: nonna Laura Hernandez frå El Salvador, som kom til Noreg som flyktning. Ho jobba tett på erkebiskop Romero og menneskerettsaktivist Marianella García Villas, som båe vart drepne av dødsskvadronar under borgarkrigen i landet. Slapgard var sjølv utsett for risiko i møte med dei. Spenninga i dag er knytt til om dei ansvarlege for drapa vil bli stilte til ansvar.

Å forsvinne nokon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement