Film

Ville kvinnefantasiar

Det stramme dramaet til Polley er skakande, rebelsk og frigjerande.

Ei gruppe kvinner sit på eit høyloft og diskuterer kva dei skal gjere med livet i ei religiøs koloni med undertrykking, vald og overgrep.
Ei gruppe kvinner sit på eit høyloft og diskuterer kva dei skal gjere med livet i ei religiøs koloni med undertrykking, vald og overgrep.
Publisert

Kvinnene i eit mennonittmiljø samlar seg. Mennene i kolonien er i byen, anten fengsla for organiserte, regelmessige valdtekter, eller på veg for å betale kausjon. Kvinnene har ordre om å tilgje alt om dei ikkje vil til helvete. No røystar dei på tre alternativ: å gjere ingenting, å slåst eller å dra derifrå før mennene er tilbake. Jamn avrøysting gjer at eit råd skal drøfte seg fram til ei felles løysing. Tida er knapp.

Ugudelege gubbar

Women Talking byggjer på boka med same tittel av Miriam Toews frå 2018. Sjølv om handlinga om reaksjonen til kvinnene er fiktiv, er overgrepa ekte. Dei gjekk føre seg ein tilsvarande koloni i Bolivia mellom 2005 og 2009, der minst 151 kvinner og jenter mellom 3 og 65 år vart utsette for seksuelle overgrep medan dei sov. Dei vart dopa ned av mennene i samfunnet. Gong på gong.

Ein tenker fort på Margaret Atwood, som har sagt at alle dystopiane hennar er knytte til ting som har skjedd og skjer, som i Tjenerinnens beretning (til norsk ved Merete Alfsen, 2017). Women Talking har historisk gjenklang. Det finst endelause eksempel på systematiske overgrep.

Like mykje er filmen brennaktuell. Det vantar ikkje leiande menn i verda som gjer vald mot kvinnekroppar på strukturelt nivå no til dags heller. Ser ein Women Talking utan å ha lese boka, kjem hint om tida vi er i, litt etter litt. Signala blir forstyrra av at mange mennonittar lever avsondra frå moderne teknologi.

Tolv eitrande kvinner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement