Velspelt drama om kunstnarklisjear og far/son-problematikk.
Kunstnaren Simon (Søren Malling) med kona (Ane Dahl Torp) som tek til å stilla spørsmål.
Foto: Julie Vrabelová / Tour de Force
Drama
Regi: Charlotte Sieling
Rivalene (orig. tit.: Mesteren)
Med: Søren Malling, Jakob Oftebro, Ane Dahl Torp
Simon (Malling) har nådd middagshøgda som mann og skyhøgt som kunstnar. Når sonen (Oftebro) han aldri har møtt før, dukkar opp for å bu hos han og driva med sin eigen kunst der, møter han seg sjølv i fleire dører, og likar ikkje alltid den han møter på. Den tidlegare så oppofrande kona (Dahl Torp) tek også til å stilla spørsmål, både ved seg sjølv og forholdet deira.
Smal moral
I mikrouniverset hovudpersonane svingar seg i, verkar alt til å dreia seg om kvinner, vin og kunst, men ikkje nødvendigvis i denne rekkjefølgja. Det er eit univers på sida av samfunnet, og det seier såleis fint lite om verda. Slik oppfattar me alle oss sjølve frå tid til anna. «Eg er så sjølvoppteken, tenk så fantastisk at eg får lov til det», seier den oppblåste, småforfylla Simon i ein augeblink av sjølvinnsikt. Dette summerer på mange måtar Rivalene fint opp, for inn i framtida ein stad er det godt mogleg sonen kjem til å måtta seia det same. Så Rivalene ein film til skrekk og åtvaring om du er i ferd med å ha usannsynleg suksess som kunstnar? Eg trur nok moralen kan overførast til mange miljø, men til ein viss grad kjennest filmen noko innsnevra, utan at det eigentleg gjer så mykje. Så spørst det om dei som faktisk høyrer til miljøet, vil lika alle kunstnarmytane som blir forsterka til det komiske her.
Godespelarar
Som tittelen tilseier, er det duka for rivalisering mellom far og son. Den ekstra spenninga som Darling, rollefiguren til Ane Dahl Torp, tilføyer, gjer at handlinga vert driven fram på dynamisk vis og tek nokre uventa vendingar. Og skodespelarane er den verkelege styrken i filmen. Søren Malling (kjend frå ørten danske krimseriar) klarar å gje den utolelege kunstnartosken Simon nok kompleksitet til at han kan takast på alvor. Også Jakob Oftebro spelar rolla som den litt stillferdige, fandenivaldske sonen med overtyding. Mot slutten mistar filmen litt grepet, særleg i ein ganske så usannsynlege grande finale. Det er ikkje skjemmande nok til at eg ikkje likte summen, og Rivalene går i pluss for min del.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skodespelarane er den verkelege styrken i filmen.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.