Slett spetakkel
Det er lenge sidan eg har sett ein så slapp samlebandsfilm.
Dolph Lundgren, Jason Statham, 50 Cent, Megan Fox og Tony Jaa i verdas siste forsvarsline.
Foto: Another World Entertainment
Action
Regi: Scott Waugh
The Expendables 4
Med: Jason Statham, Sylvester Stallone, Megan Fox
Kinofilm
Etter eit feilslått oppdrag i Libya der det går gale for sjefen Barney (Stallone), lyt leigesoldatane The Expendables jakta ein slemming som vil selje atomvåpen til Russland. Lee (Statham) har trøbbel med kjærast og kollega Gina (Fox). Ho tek plassen hans i oppdraget, sidan han visst var skuld i førre fadese.
Rutinejobb
Milde machomanerar er straks på plass. Dette er ein «mannefilm», men utan rebelsk brodd. Humoren er horribel. Eksempla er så elendige at eg har gløymt dei fleste på veg ut av kinosalen, men eg minnest den mest fantasilaust skrivne «latin lover-figuren» sidan Week-End in Havana i 1941.
Gamlingvitsane er bleike minne av Gretne gamle gubber. Eg ler når eg ser at skurken har eit stort arr i fjeset. Det er uråd å sjå kven som er vond elles!
Jason Statham er staut, men verkar like inspirert som ein underbetalt vri på Bill Murray i En ny dag truer. Sylvester Stallone, Dolph Lundgren og Andy García er halvhjarta namn på plakaten for å lokke aldrande actionentusiastar ut av sofaen. 50 Cent burde ikkje seie opp kveldsjobben som musikar. Om Megan Fox har noko å by på som skodespelar, får ho ikkje vist det som lettkledd CIA-agent med teatralsk temperament og trutmunn.
Bortkasta
Det sprutar blod, og heltane et drapsmaskiner til frukost. Null problem. Realisme er ikkje valuta her. Men det er ikkje berre manuset som er billeg. Den glatte tonen minner om meksikansk såpeopera. Det grelle ljoset skrik stengetid på puben. Når figurane er i framandt farvatn, er det like lett å sjå at dei er klipte inn, som i ei bilscene frå femtitalet.
Gitartonane minner meg om at eg alltid kjøpte ei plate for mykje av middels puddelrockband etter at barneskulen og åttitalet var over. Elles ljomar standard symfonitonar over sakte film av tøffingar på rekkje med flammar i front. Det kunstnariske høgdepunktet for meg er når «p.i.m.p.» av 50 Cent dundrar frå ein boomblastar på ei brøytemaskin i kulehagl på tankskipet som fraktar atomvåpena. Då lo eg.
Det går fint an å lage gode actionfilmar med resirkulerte konsept no til dags. Tenk berre på siste runde med Mad Max eller Ninja Turtles. Regissør Scott Waugh held filmserien til Sylvester Stallone på tomgang med The Expendables 4. Legenda Stallone fekk ein ny giv i Cop Land i 1997. Omstarten av Rocky-serien med Creed var verdig. Det er meir enn eg kan seie om denne bortkasta kinoturen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.