JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mangfaldig meny

HAVANNA: Filmfestivalen i Havanna har eit rikt program, men sensuren svir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I den meksikanske filmen til Lila Avilés spelar borna utruleg bra, skriv Håkon Tveit frå Havanna.

Foto: Cine Cánibal

3275
20231215
3275
20231215

Filmfestival

Festival Internacional del Nuevo Cine Latinoamericano

Havanna, 8.–17. desember 2023

Kinokøane er kortare enn i fjor, og praten går mest om den infernalske inflasjonen. Når programmet kjem, er første spørsmål alltid kva cubanske filmar som ikkje er med. I år snakkar kritikarar om to sensurerte filmar. I dokumentaren La Habana de Fito (Fitos Habana) av Juan Vilar fortel den argentinske artisten Fito Páez om sitt forhold til Cuba, publikummet og politikken. For partipampar er han nok for ærleg om spelerommet på øya.

Llamadas de Moscú (Telefonsamtalar frå Moskva) av Luis Alejandro Yero er ein dokumentar om cubanarar som har migrert til Moskva og ringjer heim frå snøføyka. Dei ser likskapar mellom dei autoritære regima.

Cuba i klem

Nokre cubanske filmar er heldigvis på programmet. La mujer salvaje (Den ville kvinna) av Alán González er den beste cubanske debuten på lenge med ei gneistrande Lola Amores i hovudrolla som ei kvinne i knipe med få hemningar. Amores har òg hovudrolla i Una noche con los Rolling Stones (Ein kveld med Rolling Stones) av Patricia Ramos, ein stundom morosam film som glir over i melodrama om evige tema i cubansk film: kjærleik og emigrasjon.

Blanding av humor og poesi pregar Los océanos son los verdaderos contintentes (Hava er dei ekte kontinenta) av italienske Tommasso Santambrogio, som har laga ein elegant film i San Antonio de los Baños, der filmskulen på Cuba ligg og protestane 11. juli i 2021 byrja. Malecón av Carlos Larrazábal er diverre ein overspelt samproduksjon mellom USA og Cuba som gneg på gamle stereotypar.

Nord-Amerika

Meksikanske Michel Franco har laga sin Memory i USA med Jessica Chastain i hovudrolla. Franco er ein stor filmskapar og har smidd ei historie som forbløffande fint kombinerer temaa demens og traume. Heldigvis held dei beste dokumentaristane seg heime i Mexico.

Everardo González med brutale Una jauría llamada Ernesto (Ein ulveflokk med namn Ernesto) og Tatiana Huezo med varme El eco (Ekkoet) viser at dei er stilistar av rang som har teft for tunge tema. Stilen er alltid strålande hjå Lila Avilés, som har laga ein spelefilm om ein familiefest med Tótem. Ungane spelar utruleg bra. Heróico (Heroisk) av David Zonana er slåande estetisk og emosjonelt utmattande. Mexico har kanskje dei beste regissørane i Nord-Amerika.

Sør-Amerika

I sør har chilenske Felipe Gálvez laga Los colonos (Busetjarane), ein framifrå formsterk, men grufullt vond film om folkemord. Filmen fekk pris i Cannes og er Oscar-kandidat for Chile. Landet fekk sist nominasjon med El agente topo (Moldvarpagenten) av Maite Alberdi, som i år stiller med den rørande dokumentarfilmen La memoria infinita (Det evige minnet) om Alzheimers.

Brasilianske Carolina Markowicz er òg produktiv og har film her for andre år på rad med Pedágio (Toll), ei nyansert skildring av mor og son som strir med pengar og moralisme.

Mangfaldige Latin-Amerika er ulikskapens region. Cuba liknar stadig meir på dei andre landa på det feltet. Vonløysa gjer at rekordmange forlèt øya. Festivalen held stand trass alt.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis