Kristendum
Sjå i nåde til meg, syndige filmmeldar, som kjeda meg skikkeleg i kinosalen i dag.
Maria Magalena etter at Jesus er teken ned frå krossen.
Foto: United International Pictures Norge
Drama
Regi: Garth Davis
Maria Magdalena
Med: Rooney Mara, Joaquin Phoenix, Chiwetel Ejiofor
Maria Magdalena (Mara) viser seg å vera langt meir betydeleg enn ei pågåande prostituert kvinne. Det er også det einaste interessante å koma med, om ein føreset at ein kan påskeforteljinga i Bibelen.
Ukult
Det passar bra med tidsbiletet at Jesus driv og heilar folk, litt som å vera på vekkingsmøte i ein karismatisk kyrkjelyd. Kulten rundt Jesus ser til forveksling ut som den godtruande flokken til så mange andre Messias-erklærte leiarar og burde mest av alt gjera oss frykteleg skeptiske. Eg må seia det er ganske utruleg at me lèt tusenårige forteljingar diktera røyndomsbiletet vårt i dag, uansett religion. Sjå dokumentarserien om den åndelege leiaren Bhagwan Shree Rajneesh (Wild, Wild Country på Netflix) og sekretæren Sheela, likskapane mellom den og Maria Magdalena er hovudrystande store.
Blasfeminisme
Det gjer godt å sjå at bibelske forteljingar i filmversjon får eit snev av tida me lever i, med samansett etnisk forsamling og tydelege kvinneskikkelsar. Om det faktisk stemmer, får bli opp til den som trur. Eg tippar visse fridomar er tekne både av dei som skreiv Bibelen, og dei som skreiv filmen. Når ein fyrst skal laga ein vri på greiene og passa på å lansera filmen slik at det kristne publikummet får påskefilmen sin, ja, så kvifor ikkje ei vakker, hårfager, konstant tårevåt Maria Magdalena? Når ein kan få Joaquin Phoenix til å spela Jesus, ei rolle han på mange måtar har baka inn i dei fleste siste filmane sine uansett, burde det vera duka for både to fiskar og fem brød og vel så det. I staden blir det ei ganske generisk, kjedeleg, langtekkeleg vandring mot Golgata.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.