Klovn i kamp
Hopp og skrekk og tjo og hei med Pennywise, den dansande klovnen.
Det er duka for ein god, gamaldags skrekkfilm.
Foto: Brooke Palmer / SF Studios / Warner
Skrekk
Regi: Andy Muschietti
It
Med: Bill Skarsgård, Jaeden Lieberher, Sophia Lillis
I ein søvnig, amerikansk småby forsvinn den eine ungen etter den andre. Når det skjer med veslebror til Bill, vil han og kameratgjengen koma til botnars i kva som har skjedd. Samstundes lurar kjipe foreldre, ei forelsking og ein skikkeleg bøllete bøllegjeng. Alt dette blir barnemat samanlikna med kva dei har i vente når dei dristar seg inn i det forlatne huset nede i gata.
Skrekkblanding
Som de skjønar av skildringa, er det duka for ein god, gamaldags skrekkfilm med koselege omgjevnader som kontrastar til det horrible parallelluniverset som spøkjer rett under overflata. Tilfeldigvis var eg 13 år då Stephen King-boka It vart filmatisert fyrste gongen – same alder som rollefigurane i filmen skal ha. Rykta ville ha det til at det ikkje hadde eksistert noko skumlare sidan Poltergeist (1982) og Eksorsisten (1973). Den gongen fekk filmen 18-årsgrense, noko som sjølvsagt ikkje var noko anna hinder enn at andre måtte gå i videosjappa og låna filmen for oss. Dagens It har fått aldersgrense 15 år, noko som verkar innanfor, i motsetning til 1990-versjonen. Stephen King, som den drivne skrekkforfattaren han er, utnytta til fulle å snu eit barnefenomen til ditt verste mareritt. Og klovnen Pennywise er ein spesielt ekkel karakter, då han i fyrstninga verkar både sårbar og morosam. Bill Skarsgård er tilstrekkeleg fæl i rolla, men eg trur aldri nokon kan slå Tim Curry som Pennywise anno 1990. Spesialeffektane er kulare i dag, men den genuine frykta som Curry planta, kan ingen glinsande tannrader eller gruelege kjevar ute av ledd, konkurrera med.
Koseskummelt
Sjølv om It var under innspeling alt før serien Stranger Things gjekk på TV, og dermed ikkje heiv seg på ein opplagd trend, skal det vanskeleg gjerast å ikkje sjå likskapane. Her er åttitalsnostalgi så det held, og den samansveisa gjengen minner i svært stor grad om ein annan barndomsfavoritt, Goonies (1985). Men det er jo skikkeleg koseleg, då. Om eg har klaga på mangelen på popkornpotensial i det siste, får du det att i bytter og spann, bokstaveleg tala, om du vil, med It. Ta med 13-åringane og skrem vitet av dei, eller gå sjølv og bli passeleg redd. Filmen er uansett god underhaldning, om han ikkje er noko ny Eksorsisten.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om eg har klaga på mangelen på popkornpotensial i det siste, får du det att i bytter og spann.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.