Historisk raudpenn
The Death of Stalin byr på komikk, politikk og ein god dose oppfriskning i russisk historie og historieskriving.
Russland nektar å vise den nye filmen om Stalin.
Foto: Nicola Dove / Selmer Media
Biografi/drama/ komedie
Regi: Armando
Iannucci
The Death of Stalin
Med: Steve Buscemi, Simon Russell Beale, Jeffrey Tambor
I 1953 regjerer Josef Stalin framleis Sovjetunionen med blodige jernhender og ein tett sirkel av samansvorne, ein komité som snart skal hamna i farseaktige, men gravalvorlege situasjonar då kamerat Stalin fell om på kontoret sitt.
Beri-nei
Få har grep om politisk satire som regissør Armando Iannucci. Eg er stor fan av serien The Thick of It (2005–2012) og The Day Today (1994) og endå større fan av komiserien om Alan Partridge, som mange nok kjenner til. (Nei, eg har ikkje sett så mykje på Veep, så den kan eg ikkje samanlikna med). No har han altså teke for seg dønn historiske hendingar, noko han til no har styrt unna. Og han hadde ikkje klart å truverdig dikta opp mykje av det som faktisk skjedde i Sovjetunionen på femtitalet. Ikkje rart Russland har nekta filmen visning og trekt all distribusjon innanfor landegrensene. Kunstnarisk fridom vil eg tru det må vera i store mengder, men som den mindre historisk opplyste personen eg er, reknar eg med at det ikkje er manusforfattar Iannucci som skriv Lavrentij Berija ut av historia til slutt, bokstaveleg tala.
Satirikon
Briten Iannucci har enorme dosar svart, tørr galgenhumor, jamfør seriane eg nemner. Kanskje det er fordi han til ei forandring nyttar faktisk materiale at eg reagerer meir no enn vanleg. Kanskje eg har fått kjipare humor med åra. Kanskje er spensten gått litt ut av dei kjappe kommentarane med mengder av fuck me strøydd rundt. Eg ler ikkje så godt som eg eingong gjorde, iallfall. Ein som ikkje er mindre festleg og komisk med åra, er Steve Buscemi. Han er kanongod som Nikita Khrusjtsjov, på ein sympatisk, men kynisk måte som kanskje yter han rettferd. Kanskje. Eg synest historiske filmar er vanskelege å meina noko om. Eg har ikkje lyst å svelgja rått alt eg får servert, men gud hjelpe så lett ein fordøyer den sanninga ein kan leva med. Tenk om Armando Iannucci hadde vorte propagandaminister i Storbritannia!
Historikarar får krangla om detaljane i The Death of Stalin, regissør og manusforfattar kan uansett klappa seg sjølv på skuldrene for ein underhaldande og dristig versjon av det som gjorde at kommunismen både heldt fram og endra seg etter Stalins død.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.