Film
God purk, fæl purk
Ein dansk actionfilm om politivald i forstaden treffer tungt.
Filmen tek opp sosiale problemstillingar knytte til innvandring, parallellsamfunn og politivald i dagens Danmark. Her ser vi Jacob Lohmann som politi og Tarek Zayat som Amos.
Foto: Tine Harden / Norsk Filmdistribusjon
Ein ung mann frå ein fattig dansk forstad døyr på suspekt vis hjå politiet. Dei får melding om å unngå det ulmande området, men Jens (Sears) må på tokt med den brutale kollegaen Mike (Lohmann), som likevel svingar inn for å plaga folk og visa kven som er sjef. Det går dårleg.
Sterk spenning
Som spenningsfilm held Shorta høgt nivå med adrenalin og driv heile vegen. Det er solid arbeid i alle ledd i kjende sjangerrammer utan for slitne stiltrekk. Skodespelet er sterkt. Figurane er dynamiske og interessante.
Vi ser alt frå politiet sitt perspektiv, men ingen med eit fungerande moralsk kompass likar Mike. Han er bølla, medan Jens er på lag med folk. Han rynkar litt på nasen når kollegaen kjem med rasistiske vitsar.
Vi og Jens heiar på unge Amos, som utan grunn hamnar i hendene på politifolka. Dei tre er fritt vilt i ei intens jakt med få fluktruter. Politifolka er på bortebane. Jens og Mike har sjølve skulda. Dei er òg del av eit system som skaper sinne og vald.
Hjarterått
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.