God gamaldags Guillermo
Filmnerden Guillermo del Toro fråtsar framleis i fortida.
Cate Blanchett spelar psykolog. Bradley Cooper har hovudrolla som Stan.
Foto: Kerry Hayes / Disney
THRILLER / FILM NOIR
Regi: Guillermo del Toro
Nightmare Alley
Med: Bradley Cooper, Rooney Mara, Cate Blanchett
Kinofilm
Seint på trettitalet legg Stan (Cooper) eit lik i golvet før han brenn huset og tek bussen langt vekk. Han får jobb på eit omreisande karneval, ein plass som blandar «frikarar» av ymse slag med spådom og marerittfylte hus. Miljøet blandar grov audmjuking av dei nedst i hierarkiet med greie folk som tek godt imot den komande antihelten.
Etter kvart sjarmerer han den søtaste jenta (Mara) i troppen og reiser mot nye høgder. Mentalisme skal gje mynt i kassa, men fallhøgda aukar.
Fatalt flott
Meksikanske Guillermo del Toro vann Oscar for beste film med The Shape of Water i 2018. Nightmare Alley når neppe like høgt, men handlaget med klassisk filmforteljing har han framleis. No har han laga ein typisk film noir basert på ein roman frå 1946 som vart film året etter.
Bekmørke omgjevnader og striregn i smug skal med. Dei laga jamvel ein ekstra versjon i svartkvitt. Krim møter psykologisk thriller. Hovudfiguren vinglar mellom helt og skurkestrekar. Ein pistol kjem aldri til syne utan at han skal bli brukt i ei seinare scene.
Ingen film noir utan femme fatale: Cate Blanchett er fødd til å spele slike figurar, og ho er magnetisk tiltrekkjande i rolla som psykolog med skarpt blikk. Ho osar fare. Korkje Bradley Cooper i hovudrolla eller Rooney Mara som kjærast har same styrke.
Rollelista er full av kjende fjes. Det er kjekt å sjå det ikoniske andletet til Ron Perlman som sterk mann på sirkus. Han har spelt i heile sju filmar av Guillermo del Toro.
Freaks and Geeks
Den godlynte nerden Toro har ein enorm entusiasme for sjangerfilm frå Hollywood. Den smittar gjennom filmane hans. Nightmare Alley kjem ikkje med mykje nytt, men er stilig å sjå på og stundom ganske spennande. Detaljane underheld mest, anten dei er visuelt artige og imponerande, eller dei matar filmnerdar med referansar og peik.
Han hyllar historia til spektakulær underhalding frå vaudeville via filmen Freaks (1932) til nyare noir. I tråd med tradisjonen møter vi ein løgnar med godt hjarte, men mareritta frå fortida murrar alltid. Guillermo del Toro lever draumen i USA med solid underhalding bygd på djup kunnskap om filmhistoria.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.