JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

For mykje av det vo nde

Ein solid, vellaga og viktig film blir ikkje nødvendigvis ein spennande film.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen tek for seg dei fem dagane med valdeleg opprør i Detroit i 1967.

Foto: Francois Duhamel / SF Studios

3202
20170901
3202
20170901

Actiondrama

Regi: Kathryn Bigelow

Detroit

Med: John Boyega, Will Poulter, Algee Smith

Over fem dagar vart Detroit i 1967 utsett for nokre av dei største og mest valdelege opprøra i USA si historie. Av dei mange sjokkerande episodane der eit meir eller mindre hundre prosent kvitt politikorps var involvert, dreiar handlinga i Kathryn Bigelows film seg om aksjonen mot Algiers Motel, der tre unge menn vart drepne.

Alvorstyngde

Det er ei stund sidan regissør Kathryn Bigelow leverte publikumssuksessen Point Break (1991), og heller ikkje Detroit er popkornunderhaldning på nokon måte. Så har vel Bigelow dei siste åra vist at nett det ikkje har hatt høg prioritet. Ho har i stor grad gått i djupna på USAs involvering i Midtausten med filmar som Oscar-vinnaren Hurt Locker (2008) og Zero Dark Thirty (2012). Det er nok ein gong tung materie, og resultatet vitnar som alltid om ei grundig tilnærming til stoffet og stort fokus på detaljar. Nettopp detaljrikdommen kan verta i meste laget. Nattetimane som vert skildra, er baserte på vitneforklaringar, så eg stiller ikkje tvil ved framstillinga. Eg berre kjenner eg vert noko utolmodig av all utmålinga og dvelinga.

Typegalleri

Trass i alle detaljane kjem me ikkje nærare innpå enkeltpersonane, anna enn å få presentert eit persongalleri som gjev gode, om enn noko opplagde tidsbilete. Her er den unge soulmannen Larry (Smith) som berre vil ha platekontrakt med det kjende Detroit-baserte Motown-selskapet. Like god og uskuldig er Dismukes (Boyega), vektaren og industriarbeidaren som prøver å roa gemyttane. Tilsvarande kjip og usympatisk er jyplingpolitimannen Krauss (Poulter). Det blir litt svartkvitt, om de kan orsaka ordspelet. Ikkje at Krauss nødvendigvis fortener noko betre ettermæle, men reint filmatisk vert det i overkant typete. Og som den tilhengaren eg er av sannkrim (ja, lat oss finna eit norsk ord for true crime), hadde eg sett pris på endå meir forhøyrsdrama.

Verd å tru

Kvifor plyndra folk i nabolaget sine eigne butikkar? Det beste med Detroit er den enkle og effektive måten han viser psyken til dei som tok del i opprøra. På slutten av sekstitalet var det skeive tilhøvet mellom svarte og kvite gått så langt at lovløyse nesten verka greitt. Opptil fleire av skodespelarane er britiske, noko som faktisk har fått amerikanarar til å hissa seg opp – har dei verkeleg ikkje nok svarte skodespelarar i USA til å dekka roller om amerikanske borgarrettar? Uansett svaret her, så gjer alle særs gode innsatsar, og Bigelow skal ha skryt for å satsa på unge, lovande i staden for gamle travarar til rollene som naive, livsglade, men opprørte menneske. Sjølv den mest avbalanserte, lovlydige måtte sjå mykje mellom fingrane for ikkje å få med seg mangelen på rettferd. Innrykking av det militære og statspolitiet i tillegg til eigne politistyrkar, kan berre ha forsterka kjensla av «dei eller oss». At det kulminerte i scener lik den på Algiers Motel, er diverre til å tru.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bigelow skal ha skryt for å satsa på unge, lovande i staden for gamle

travarar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis