JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Fengselsfugl Føniks

Med eit enkelt, men effektivt fengselsdrama er filmskapar Leon Bashir tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leon Bashir, som sjølv spelar ei rolle, har laga den første norske fengselsfilmen.

3300
20171027
3300
20171027

Actiondrama

Regi: Leon Bashir

Gjengangere

Med: Leon Bashir, Selem Zina, Kim Sørensen, Rune Temte

Etter eit ran hamnar Josef (Bashir) i fengsel. Her inne lyt han kjempa mot kriminelle med ulike grader av blodig alvor. Dette er likevel ikkje verre enn dei indre demonane han kjempar mot. Ein ung nyinnsett, Kris (Zina), blir nokon han kan bry seg om og ta seg av, som eit substitutt for veslebroren han har bilete av over vasken på cella si.

Vals med Bashir

Dette er den andre filmen Leon Bashir regisserer. Han debuterte med actionkomedien Tomme tønner (2010), og han var manusforfattar på Izzat (2005). Som skodespelar har han vore å sjå i begge desse filmane. Med Gjengangere tek han like godt alle hattane pluss produsentrolla. I rulleteksten kjem det til og med fram at han har vore med på rollebesetninga. Og frå den meir lettliva Tomme tønner vel han no å gå innanfor murane, der dei tilsynelatande lystige småkriminelle ofte til slutt hamnar. Etter raude løparar og løfta champagneglas vart han i 2011 dømd for grov vald og hamna sjølv i fengsel. Og det var her han kom på ideen om å laga filmen.

Dramatisk

Fengselsdrama er omtrent ein eigen sjanger. Filmar som Cool Hand Luke (1967), Papillon (1973) og den filmen som gjorde stort inntrykk på meg då han kom ut, Frihetens regn (1994), er døme på det – og eg kunne ramsa opp mange fleire.

Sidan verda for det meste ikkje er sett saman av forbrytarar, vert det endå meir eksotisk og myteomspunne for alle som ikkje har sete inne. Det gjer også at klisjeane byggjer seg opp: om dei barske reglane, om kameraderiet, om korrupte fengselsbetjentar, om raseproblematikk. Det einaste Leon Bashir tydelegvis meiner er annleis i norske fengsel, er at her er ingenting om det berømte såpestykket ein må bøya seg etter i dusjen. Kor tru mot sanninga han er i Gjengangere, veit eg ikkje, men det verkar rart at ein ung mann med reint rulleblad vert sett på same soningsgang som hardbarka menn med forvaringsdom på minimum 21 år. Nuvel, det blir jo meir action i dramaet på denne måten, sjølv om det verkar noko usannsynleg.

Innestengd med udyr

Filmen er god på å veksla mellom håp og håpløyse. Symbolikken med Ibsen blir noko overflatisk, for ikkje å seia corny, men som eit kulturelt motstykke til det ein forbinder med eit uhøvla, hardt kriminelt miljø, skjønar eg dette banale grepet.

Noko ekte oppgjer med machokulturen er det uansett ikkje, her er det auge for auge til siste skeive blikk. Om det eksisterer fengselsvaktar som Frode (Lars Arentz-Hansen) og reinspikka nazisvin som medfangane til Josef, skjønar eg til dels kor vanskeleg det må vera å tøyma sinnet sitt. Venskapen som veks fram mellom Josef og Kris, er sjølvsagt det eldste trikset i fengselsfilmsjangeren, men utan dette ville det fort bikka over i reindyrka vondskap.

Sjølv om det er rom for kompleksitet i rollefigurane, blir det nokså overflatisk og enkelt og ikkje utprega originalt. I den grad det heller ikkje trengst for å klara seg bra som sjangerfilm, og då det er gjennomgåande driv og spenning, landar Bashir og Gjengangere fint på jorda.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filmen er god på å veksla mellom håp og håpløyse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis