Ei sann solskinshistorie
The Big Sick er ein gladkomedie med alvorleg undertone.
Zoe Kazan som Emily og Kumail Najiani som Kumail i ein romantisk komedie med alvor nok.
Foto: Sarah Shatz
Romantisk
komedie
Regi: Michael Showalter
The Big Sick
Med: Kumail Nanjiani, Zoe Kazan, Holly Hunter
Standupkomikar Kumail, som spelar seg sjølv, flytta med familien frå Pakistan til USA då han var 14 år. Integreringa har gått bra – litt for bra, om ein skal gå ut frå verdiane foreldra hans framleis har: Han skal giftast bort til ei høveleg dame. Han treffer erkekvite Emily (Kazan) og dermed lyt han ta stilling til kulturforskjellane. Det blir ikkje lettare av at ho hamnar i koma, og han lyt henga med foreldra hennar på sjukehuset.
PK-moro
OK, gjer deg klar for ein skikkeleg politisk korrekt film. Pakistanarar som giftar seg med kvite amerikanarar? Ei dame som er standupkomikar? Ikkje er ho tynn heller? Venegjeng som inkluderer alle hudfargar og kjønn og bakgrunnar? Tenk, alt går faktisk heilt fint! Og det gjer det jo ofte. Det er vel heller at det er så forsvinnande sjeldan me får servert filmar om det, og som me veit, livet etterliknar kunsten, ikkje motsett. Éin ting er at me byrjar bli meir fargerike her til lands, men USA er jo verkeleg den smeltedigelen det har namn på seg for å vera. Det finst mange eksempel på at familiar blir splitta opp når dei kjem flyttande til Vesten og ungane ikkje vil gjere som dei får beskjed om. Ofte er dette triste, traudige greier, naturlegvis, og lukkelege sluttar er unntaket. The Big Sick er sistnemnde.
Asi-ja
Sjølv om det er mest kos og moro i The Big Sick, er det nok alvor til at å få klumpen i halsen som skal til for å lukkast i sjangeren romantisk komedie. Kumail Nanjiani og medmanusforfattar Emily V. Gordon er ikkje redde for å trekka fram både sjukdom, religion og ubehagelege familiedilemma. For det hjelper lite å feia realitetane under teppet om ein skal få bukt med kulturelle utfordringar, og det gjer dei ikkje her. Filmen har mykje til felles med serien Master of None, der Aziz Ansari – også standupkomikar og skodespelar med asiatisk bakgrunn – dreg fram klisjeane som møter han i jobben, og alle gongane han må bita i seg å spela drosjesjåfør med tjukk aksent. Nyansering trengst, og både Master of None og The Big Sick tek gode, sterke, morosame oppgjer. Og om dette skulle høyrast avskrekkande ut: Filmen er mest av alt ein god, gamaldags, amerikansk «rom-kom», altså!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det nok alvor til å få klumpen i halsen som skal til for å lukkast i sjangeren romantisk komedie.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.