Film

Arbeidarkjærleik

Norwegian Dream er eit kjærkome polsk-norsk drama som handlar om retten til ryddige arbeids­tilhøve og til å elske kven ein vil.

Robert flyttar frå Polen til Noreg for å arbeide på laksefabrikk. Der forelskar han seg i norske Ivar, eit forhold han må halde skjult.
Robert flyttar frå Polen til Noreg for å arbeide på laksefabrikk. Der forelskar han seg i norske Ivar, eit forhold han må halde skjult.
Publisert

Nitten år gamle polske Robert (Milkowski) kjem til Noreg for å jobbe med laks. Han bur trongt i lag med andre polske arbeidarar. Arbeidet med å foredle fisk er eit slit med tallause like rørsler i høgt tempo kvar dag. Norske Ivar (Steinland) er mentor for Robert, som ser at kollegaen blir gjord narr av i homofobisk og rasistisk stil. Sjølv verkar Robert å vere fascinert av Ivar, som er annleis.

Nye nyansar

Polsknorske Leiv Igor Devold er den rette mannen ved roret på denne historia frå Noreg i dag. Hans første heilaftans spelefilm kjem etter fleire kortfilmar som blandar polsk og norsk. Devold teiknar ingen glansbilete. Korkje machomiljø med arbeidarar frå Polen eller norske leiarar i mellomstore oppdrettsføretak som ikkje likar fagrørsler, slepp unna.

Jamvel kjem eit stikk til kreative, urbane miljø som ikkje ser eigne fordommar. At alle kan klage, er eit godt teikn for filmen. Jamt over er det ikkje overdrivne skurkar i filmen, men menneske med motivasjonar ein kan forstå. Det vantar ikkje på refleksjonsnivå hjå dei polske arbeidarane, og fleire bifigurar gjev breidde.

Ein fråverande norsk majoritet som nyt godt av ulikskap, bør òg sjå sin plass i biletet, sjølv om ein ikkje bur på Frøya.

Tette trådar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement