Teater

Ein svanesong for Ap?

Popmusikalen om sosialdemokratiet har glimt og futt, men få uventa poeng.

Heile ensemblet på scena i Teater Ibsen.
Heile ensemblet på scena i Teater Ibsen.
Publisert

Teater skal vere ein spegel for samtida. Det lét i si tid Shakespeares prins Hamlet hevde. Og ja, det gjer teateret mest alltid; alt skodespel viser til røynda på ein eller annan måte. Teater Ibsen har no teke denne spegelmålsetjinga bokstaveleg. Dei kjem med ein temamusikal om den dalande posisjonen til sosialdemokratiet i Noreg. Dei spør fortrinnsvis: Kvifor må dei raude verdiane tape parallelt med velferdsauken?

I revytradisjonen

Det er ei framsyning med mange velforma tekster og tydelege, vittige framføringar, formmessig ikkje utan hint til perlene i norsk revytradisjon. Spesielt overraskande er poenga likevel ikkje, og det kjem eigentleg ingen ideologisk konklusjon. Men lat gå, det kan vere godt nok som utgangspunkt for vidare engasjement og medvit.

Tittelen på stykket, Arbeiderpartiet – The Musical, kan lett tolkast som krasjlandinga det trauste, heiderlege og seriøse får mot det kommersielle og publikumsfriande. For Ap kan dette ofte naudsynte momentet fortone seg ekstra grelt.

Til eit visst punkt hamnar framsyninga i same krasjlandinga som partiet det vert fortalt om. For kva slags musikal er dette? Kronologisk historietime? Nei. Og her ligg det heller ikkje an til reell handling. Fram til pause er dette i røynda ein rein konsert, der det eine satiriske songnummeret tek over for det andre. Mykje av det er bra, men etter kvart vantar det variasjon, og det heller mot det monotone. Etter pausen retter det seg opp. Vi får nokre hardt tiltrengte dialogar personane imellom, og det er i det heile ei meir organisk samhandling i scenerommet. Ikkje minst skin dette igjennom i eit av høgdepunkta, nummeret om Nav-tilsette Lotte, infernalsk framført av Lena Barth Aarstad og Mathilde Skarpsno. I det heile har skodespelarane i denne siste akta, også Samantha Gurah, Eirik Risholm Welle og Erik Wenberg Jacobsen, eit både tekstleg og fysisk trykk som styrer det heile verdig i land, trass i at dei ikkje har noka forklåring på kva som gjekk gale i det velfødde Noreg.

Originalt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement