Draumen om eit betre liv
Kniven i ilden dannar grunnmuren i eit større byggverk.
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for bøkene ho har skrive sidan debuten i 1999.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for bøkene ho har skrive sidan debuten i 1999.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
For vel førti år sidan blei eg fengsla av romankvartetten til Idar Kristiansen (1932–1985) Kornet og fiskene (1978–1981), om den finske utvandringa til Ruija (Finnmark) på 1850-talet. Etter den tid har eg litt til og frå følgt med på både den samiske og den kvenske litteraturen, med namn som Ailo Gaup (1944–2014), Sigmund Skåden (f. 1976) og Nils-Aslak Valkeapää (1943–2001). Ingeborg Arvola føyer seg inn i denne rekka, for sjølv om ho er norsk og skriv på norsk, har ho kvensk blod i årene og eit hjartespråk med mange finske ord og songstrofer som har følgt henne frå oppveksten i Neiden og i Pasvik.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.