Kunst

Diva

Skulpturen «Diva» vart avduka i Pernambuco i Brasil i starten av januar.
Skulpturen «Diva» vart avduka i Pernambuco i Brasil i starten av januar.
Publisert

Vi er vane med fallossymbol i kunst og arkitektur. Langstrekte, slanke tårn og skyskraparar som dominerer landskapet. Såleis vert «Diva» av brasilianske Juliana Notari (2020) heilt komplementært. I ei slette i den nordaustlege delen av Brasil er det skore inn ein blodraud vagina med ei lengde på 33 meter.

Heile tjue personar har arbeidd med utforminga av den komplekse skulpturen gjennom koronaåret 2020. Trass i at kunstnaren har teke fatt i eit eldgamalt motiv, er «Diva» moderne i utføringa, med vakre former og abstrakte kvalitetar der hudfaldane buktar seg nedover den graskledde skråninga.

Fallossymbola strekker seg opp i høgda. Til kontrast breier vaginaen seg mjukt utover og nedover. Verket minner om eit djupt sår, eit kraftig inngrep, blodet som pumpar ut og levrar seg. Såleis fortel kunstnaren om overgrep og smerte, verket fell såleis inn i den kokande kjønnsdebatten i dette framleis så mannsdominerte landet.

For tolkinga av verket speler den fysiske plasseringa ei viktig rolle. «Diva» er bygd opp på jorda til ein tidlegare sukkerplantasje, Brasil var det siste landet i verda som avskaffa slaveri. I dag er staden omgjord til kunstsenter med skulpturpark.

Skulpturen har alt skapt stor debatt, og meir skal det bli. Samstundes må ikkje ordskiftet overskygge at dette sterke verket har eit rikt tydingspotensial.

Med den enorme storleiken og dei intense raudtonane vert verket ein kraftig maktdemonstrasjon, som ein allegori over grøderikdom. Verket struttar av livskraft og viser såleis til den fleire tusen år gamle globale tradisjonen med å framstille fruktbarheitsgudinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement