Musikk

Det tøffe trubadurlivet

Rickie Lee Jones skodar tilbake.

Rickie Lee Jones.
Rickie Lee Jones.
Publisert

«It’s a hard road, but a great one.» Orda tilhøyrer Rickie Lee Jones, i den korte epilogen i memoarane Last Chance Texaco, der ho reflekterer over kva det kan innebere å leve eit kunstnarliv: «This troubadour life is only for the fiercest hearts.» Lesaren veit kva ho meiner, etter tjueto kapittel med oppturar og nedturar, gjennom livet til artisten, låtskrivaren, og songpoeten – som med denne utgivinga også framstår som litterær stilist i langformat.

Som forfattar er Jones god på både sanselege skildringar og presise observasjonar, og ho er også ein medrivande forteljar, som deler livserfaringar det må ha kosta henne mykje å grave fram frå minnet. Last Chance Texaco er nemleg ei ærleg bok, og framstillinga av det som periodevis kan ha fortona seg som eit glamorøst bohemliv, medverkar til å knuse både den eine og den andre myten. Det er til Jones’ forteneste at ho fortel rett ut korleis det har vore å vere kvinne i den mannsdominerte rockekulturen, tidvis i skuggen av mannlege artistar der egoet var minst like stort som talentet.

Opp- og nedturar

Jones fortel om korleis alt funklar når ein er på stjernehimmelen, og til og med tek vare på sin eigen kunstnarlege integritet medan ein er der – og kor stusseleg det vert når det stilnar etterpå og interessa lèt til å vere borte. Rusproblema som har øydelagt mange menneske, og nesten Jones sjølv òg, får den plassen som er naudsynt, i ei nyansert framstilling som avromantiserer utan eit fnugg av etterpåklokskap.

Men om det av og til vert mørkt, er det like mykje lys på desse sidene. Last Chance Texaco er full av gode forteljingar, slåande karakterportrett og livsinnsikt (ein av dei store lærdommane hennar er kor viktig det nokre gonger har vore å seie nei). Boka er også eit viktig kulturhistorisk bidrag som fortel mykje om musikken til Jones spesielt, og om musikkbransjen generelt, med vesentlege perspektiv frå ein verkeleg kjennar.

Ein heil del om familie og oppvekst er det også rom til, og dei tidlege kapitla fortel kvar Jones kjem frå, på ein slik måte at vi forstår meir av livsreisa hennar. Den komplekse relasjonen til Tom Waits får mykje plass i tillegg til musikkmiljøet i Los Angeles som ho var ein sentral del av på 1970-talet, og som baud på både kameratskap, samhøyr, svik og vonbrot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement