Bok

Deltakande nærvær

Mei-mei Berssenbrugge skriv fascinerande amerikansk samtidspoesi.

Mei-mei Berssenbrugge vart fødd i Beijing i 1947, men er busett i New York og New Mexico.
Mei-mei Berssenbrugge vart fødd i Beijing i 1947, men er busett i New York og New Mexico.
Publisert

Diktboka til den kinesisk-amerikanske poeten Mei-mei Berssenbrugge kan ein sjå på som ei langsam mediterande og oppmerksam vandring i skogen, jamvel om det finst éin avstikkar til den urbane moteverda. Her møter ein lauvfroskar, roser, fjell og dammar, altså ein rik flora og fauna.

Det fyrste som slår ein ved diktboka med den flotte tittelen Hallo, rosene, er at språket ikkje er poetisk eller typisk naturlyrisk. Språket lengtar heller ikkje, det registrerer og undersøkjer derimot nøye innhaldet i sanse- og fenomenverda. Dikta er sobre og realistiske, for dei påkallar ikkje utopiske og metafysiske storleikar. Dei plasserer seg midt i verda, lèt henne utfalde og spegle seg i mangfaldige kombinasjonar og samband. Trass i at språket kan verke distansert, er diktboka gjennomsyra av ei grunnleggjande omsorg for eksistensen og for omverda.

Å trengje inn i det lyriske universet til Berssenbrugge er ikkje nødvendigvis lett, men om ein les langsamt og frigjer seg frå vanetenkinga, hjelper det. Forma, tidvis også eit vitskapleg vokabular med somme abstrakte og teoretiske setningar, kan vere krevjande. Berssenbrugge høyrer til den såkalla L=A=N=G=U=A=G=E-rørsla i den amerikanske poesien. Ho har røter i 1960- og 1970-åra, og sjølv om rørsla ikkje har noko felles program, er poetane opptekne av korleis tyding vert skapt i språket, og distanserer seg frå eg-lyrikken. Enkelt sagt tek desse poetane på alvor at ein i litteraturen ikkje får presentert sjølve kjenslene, men teikna som står for dei.

Når ein les om myr, innsjøar, måne, mus og tre, handlar det ikkje berre om desse fenomena i seg sjølv, men om alle sambanda som opnar og strekkjer seg mellom dei og menneska. Dikta utløyser eit ekspanderande nettverk av tydingar, som formeleg skyt seg ut og koplar seg i stadig fleire retningar. Det gir ei sterk kjensle av rom, av noko som held fram med å spreie seg ut framfor lesaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement