Copycats
Plakat for trondheimsnatt med Åge og Sambandet. Olavsfest 2022.
Plakat for trondheimsnatt med Åge og Sambandet. Olavsfest 2022.
I månadsskiftet juli–august vert ei fargerik vifte av kulturutrykk breidd over Trondheim i regi av den storslegne Olavsfesten. Kvart år vert det utvikla eit særskilt festivaldesign i samarbeid med ein markant kunstnar. Saman lagar dei fleire plakatar for å promotere konsertar og foredrag. I år vart Hanna Ryggen (1894–1970) utvald. Det er på sin plass å heidre den internasjonalt kjende trønderske kunstnaren, samstundes stiller eg meg undrande til måten dei har valt å gjere det på.
I og med at kunstnaren for lengst er avliden, vart det designa digitale bilde som etterlikna måten Ryggen laga kunsten sin på, med tanke på formspråk, fargebruk og den karakteristiske skrifttypen hennar.
Dei ferdige produkta består av digitalt utvikla bilde av artistar som Carola og Ane Brun. Dei har lukkast i å få plakatane til å sjå ut som avfotograferte vevnader. Samstundes fungerer dei dårleg som visuelle uttrykk. Ved å lage tamme liksomverk av Ryggen, vatnar ein ut eit av dei modigaste kunstnarskapa vi har hatt. Gjennom kunsten sin slyngde Ryggen ut uvanleg klarsynte og flengande kommentarar til verdssituasjonen i ei farefull tid. Uredd tok ho føre seg Hitler og Mussolini. Ein kan berre tenke seg kva ho ville arbeidd med om ho hadde levd i dag.
Sjølvsagt er det viktig å leike med kunst og utforske måtar han kan visast fram på. Men her vert resultatet ufrivillig komisk – og det er noko heilt anna.
Slik leik med kunstfilter er det nok av på nettet som det er. Du kan til dømes søke opp datasystemet Dall-E, og skrive inn ei setning, så vil den kunstige intelligensen omforme ord til bilde. Til dømes kan du be Dall-E måle ein hund i stilen til van Gogh, så får du opp ein heil serie måleri som illuderer måten nederlendaren ville løyst oppgåva på. Dall-E er attpåtil gratis.
Eva Furseth