Trygg eller fri
Ragnhild Eskelands danningsroman har sjukdom som filter og fargelegging.
Ragnhild Eskeland er debutant.
Foto: Tommy Ellingsen
Roman
Ragnhild Eskeland:
Føling
Pelikanen
Jonas Gahr Støres russekort har skapt rabalder i media i det siste. Grådige på gapestokk og skandalar går media til åtak på offentlege personar for handlingar dei vanskeleg kan ta ansvar for mange år etterpå. Men bak slike til tider tøysete oppslag ligg nokre allmenne moralfilosofiske dilemma: I kor stor grad er vi ansvarlege for handlingar vi har gjort for lenge sidan – mot andre eller mot oss sjølve?
Dei fleste av oss slepp unna med «skrekken» etter dumme handlingar i ungdomen. For andre kan trass og tankeløyse få langt meir alvorlege konsekvensar. I Føling har «tenåringsragnhild (…) ødelagt alt for voksenragnhild». Ragnhild – ja, eg-forteljaren heiter det same som forfattaren – får diabetes som heilt lita jente. I romanen følgjer vi henne frå diagnosen er eit faktum til ho er ung vaksen. Diabetes pregar alle aspekt av livet og utviklinga hennar. I tenåringsalderen vil Ragnhild vere som andre, leve like uansvarleg som andre ungdomar. Ho trassar det strenge regimet, lèt vere å måle blodsukkeret, lèt vere å setje insulin. Det går ikkje bra. Seinskadar er spøkelset alle diabetikarar fryktar, eit spøkelse som gir seg konkrete og brutale uttrykk.
Sjukdomshistorie
Føling kombinerer den tradisjonelle komposisjonen i ein danningsroman med ei sterk sjukdomshistorie. Hovudpersonen har ikkje diabetes, men er diabetssjuk. Sjukdommen er Ragnhilds skugge, den vonde følgjesvennen som set særs strenge vilkår for livsutfaldinga til den unge jenta. Det er sterk lesnad.
Framstillinga er tett på og nær. Boka er gjennomført kronologisk fortald og i presens. Barndomsskildringane er noko av det finaste i boka, forfattaren meistrar den krevjande kunsten å formidle den avgrensa forståingsverda til eit barn utan at det blir kleint eller plumpt. Også den rebelske tenåringsjenta og dei mange konfliktane hennar er fint turnerte. Som eldre ungdom drar ho til Paris som student. Her blir språket passande nok meir reflekterande og analytisk – utan at den tette og konkrete stilen forsvinn. Det blir referert til tenkjarar som Susan Sontag og essayet hennar med tittelen Sykdom som metafor. Teksten kunne hatt godt av nokre fleire slike løft, av meir refleksjon og meir avstand.
Ikkje heilt Kahlo
Her og nå-perspektivet høver best i den første halvdelen av boka. Utover i romanen blir det vel mange og lange avsnitt som er refererande og pratsame. Teksten glid ut i ein type «saktetekst», som å vere diabetessjuk minutt for minutt. Det skal noko til å halde interessa oppe hos ein lesar gjennom alle dei 315 sidene i denne stilen. Eg tykkjer Pelikanen kunne ha hjelpt debutanten med å redigere med litt hardare hand. Her er òg nokre anglisismar. På norsk tar vi telefonen, vi plukkar han ikkje opp.
Mot slutten av lesnaden grip boka likevel tak i meg på ny. I ei fin og sår scene sprayar kjærasten gipsen på foten til Ragnhild med gullmåling. Straks tenkjer eg på den meksikanske målaren Frida Kahlo. Sjølvportretta hennar tematiserer òg sjukdom og livsutfalding frå eit tydeleg kvinneperspektiv. Eit stikkord for den nesten hypnotiske krafta i desse små bileta er konsentrasjon. Dette er noko eg tidvis saknar i Føling.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Barndomsskildringane er noko av det finaste i boka.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?