Bok
Sultanen som ikkje er
Etter kuppforsøket i 2016 og utreinskingane som følgde, har Tyrkia gått frå unntakstilstand til presidentstyre, og Nato-landet har sendt bakkestyrkar inn i Syria. VG-journalist Nilas Johnsen har nøsta i kva som ligg bak.
Forfattaren gjev eit balansert bilde av situasjonen i Tyrkia, eit land som under Erdogan er blitt meir og meir splitta.
Foto: AP / NTB scanpix
Boka Erdogan: Tyrkias nye sultan inneheld 36 lettlesne kapittel som skildrar alt frå Erdogans oppvekst i 1950- og 60-åra til regjeringspartiet AKPs oppgjer med Gülen-rørsla sidan 2013. Erdogan har styrt landet sidan AKP (tyrkisk Adalet ve Kalkinma partisi og Ak parti, det vil seie Partiet for rettferd og framgang og Det kvite partiet) vann valet i 2002, og er dermed den første til å leie Tyrkia lenger enn Atatürk, republikkens første president (1923–1938).
Johnsen skildrar korleis både republikken og maktstrukturar innførte gjennom statskuppet i 1980 er viktige føresetnader for posisjonen til Erdogan i dag. Vidare syner han korleis Erdogan har klart å bruke demokratiseringsprosessane på 2000-talet, drivne fram av krefter både i og utanfor Tyrkia, til sin fordel gjennom blant anna hyppige folkerøystingar om endringar i grunnlova, som nå stadfestar at Tyrkia ikkje lenger er den parlamentariske republikken under oppsyn av dei militære som landet var då Erdogan kom til makta.
Ulike syn
Forfattaren gjev eit balansert bilde av situasjonen i Tyrkia, eit land som under Erdogan er blitt meir og meir splitta. Han viser fleire grunnar AKP-veljarane har for å stø Erdogan. Like grundig går han inn i vanskelege saker som våpenleveransar til islamistiske opprørsgrupper i Syria, korrupsjonssakene og spørsmålet kring kva Erdogan visste om kuppforsøket før det skjedde i 2016.
I diskusjonen om dynastiet Erdogan held Johnsen interessant nok fram yngstedottera Sümeyye som ein islamistisk folketalar som kan fylle skorne til faren. Den sterkaste «arveprinsen» ser elles ut til å vera versonen Berat Albayrak, gift med eldstedottera Esra. Trass i e-postlekkasjar som set han i sentrum for skuldingar om grov korrupsjon, er han Tyrkias finansminister sidan i fjor.
Utanfråperspektiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.