Bok

Satireteikninga – demokratiets barometer

Framstillingsmåten og refleksjonane til Erle Marie Sørheim vert særskilt verdfulle fordi vi kjem på innsida i forståinga av kva satireteikningar og karikaturar har å utrette i kulturen.

Publisert

Den franske mentalitetshistorikaren Roger Chartier har med styrke hevda at grunnane til at den franske revolusjonen kom i stand i 1789, var flaumen av prent som velta over landet: skillingstrykk med satiriske viser, kritiske pamflettar om alt mogleg, ny kunnskap spreidd i opplysningsskrifter, pornografiske blad som liksom-avslørte prelatar og adel i kompromitterande situasjonar, og fyrst og sist karikaturar.

Chartier figurerer ikkje i boka til Erle Marie Sørheim, men det er ikkje noko sakn. Her er då nok av fransk stoff – det kan ein knappast kome utanom når det handlar om karikaturar i den moderne verda. Her er så mykje anna spennande stoff, ryddig, morosamt og smakfullt (!) framstilt, boka er ei oppdagingsreise frå start til slutt.

Historiske døme

Kva meir er, denne oppdagingsreisa byggjer oss steg for steg, etappe for etappe mest umerkeleg opp til å forstå langt betre enn tidlegare noko som så ofte, men så ofte nyttelaust, har vore diskutert i dette landet, nemleg gleda, nytten og det naudsynte i karikaturar.

Vi kjem nemleg gjennom historiske døme, omtalte og framstilte elegant på den måten at dei ikkje er nedleste med detaljar, men der vi får akkurat nok informasjon og på ein slik måte at vi ser mønsteret i oppkomsten, mottakinga av og den meir langsiktige verknaden av karikaturteikningar.

Såleis får vi endeleg tilgang til å skjøne betre denne kjernen i striden omkring åtaket på Charlie Hebdo tidleg i 2015, i og med at Sørheim viser oss linene i ei utvikling som elles nok står litt uklår for mange. Dei mange små og store forklåringane, frå då Napoleon brått vart så liten i karikaturane medan han eigenleg hadde ein heilt vanleg storleik (1,74 visstnok), via Daumiers omgjering av restaurasjonskongen som ikkje heldt lovnadene sine, til ei pære, til Dreyfus-sak og 1900-talets politikk, alt omdannar oppdagingsferda gradvis til ei danningsreise.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement