JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Notat frå sjølvet

Det er ikkje alltid det vesle blir til det store.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stig Aasvik legg hovudpersonen tett opp til seg sjølv.

Foto: Cappelen Damm

2896
20170324
2896
20170324

Roman

Stig Aasvik:

Lofotveggen

Cappelen Damm

Lofotveggen er Aasviks fjerde roman, og for han er det ikkje eit ukjent grep å leggje hovudpersonen tett opp til forfattaren sjølv. Sidan ein roman til sjuande og sist er fiksjon, kallar vi likevel hovudpersonen «Stig». Vi møter «Stig» på jobbsøkjarkurs hos NAV i Oslo, på gamle trakter i Lofoten, som faren kjem frå, i tilbakeblikk på ulike arbeidssituasjonar i tekstbransjen eller når han viser til dagens nyheitsbilde. Forma er assosiativ – alle tema glir over i kvarandre utan varsel om temaskifte. Denne stream of consciousness-metoden er det ingenting å seie på. Eg har større innvendingar mot at forma ikkje gjer frå eller til for innhaldet, som ikkje er vesentleg for meg.

Klisjear

Det har med klisjear å gjere. Romanen opnar med «sko» som bilde på korleis ein har tatt seg fram i livet, og byr fleire gonger seinare på denne slitne metaforen. «Stig» går i fotspora til faren i «altfor store sko». «Snubla jeg? I mine egne sko?» «Hvorfor trasker jeg rundt i gamle sko når jeg kan kjøpe nye?».

Andre døme: «Jeg trodde jeg skulle sitte i cockpiten på dette flyet, så satt jeg i passasjerkabinen», eller foreldra i konflikt, sittande i «båten som var dømt til forlis». Når Aasvik legg inn referansar til andre verk og forfattarar, tvilar eg på evna hans til å sjå kva element som høver saman. Er dette til dømes eit miljø der det gir meining å blande inn Olav H. Hauge: «legger igjen kredittkort jeg ikke har i barer jeg ikke visste um»?

Skrivefeil

Det har med skrivefeil å gjere. Nærare 30 skrivefeil gjer sitt til å forstyrre lesinga, og vitnar om at verken forfattar eller forlag har lagt all verda i siste finpussen. Ikkje alle feila kjem av reine gleppar heller: «skomper borti», «mamma sukket og åkket seg», «sånn balet det på seg». Og kvifor skrive Arnold Schoenberg på den engelske måten, og kven er no Gunnar Ormstunge?

Oppramsing

Det har med oppramsing å gjere. Filmskaparar, forfattarar, filosofar – eller kjendisar «Stig» ser på gata – blir ramsa opp, men ikkje brukte til å seie noko meir. Dermed står det mest att som namnestrøing: ikkje tilfeldig valde namn som forfattaren har ønskt å omgi «Stig» med.

Sekvensane som tek føre seg den tvungne karriererettleiinga på NAV, har derimot noko føre seg. Her syner Aasvik ei observasjonsevne som er både god og humoristisk, og eg tek meg i å ønskje at heile romanen handla om dette. Eg likar òg setninga: «Huden, dette hylsteret resten av meg befinner seg i.»

Men éi setning og eitt situasjonsspor gjer ingen sommar. For meg gir teksten mest inntrykk av at forfattaren har ønskt å samle eigne opplevingar, minne og observasjonar, sjå samanhengar, men gløymt å lage litteratur av det.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei setning og eitt situasjonsspor gjer ingen sommar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis