Bok

Kva var det med mor

Vigdis Hjorth borar djupare enn nokon gong i familie­relasjonar og smerteoverføring.

Vigdis Hjorth skriv om kunstnaren Johanna som ikkje har kontakt med mor si.
Vigdis Hjorth skriv om kunstnaren Johanna som ikkje har kontakt med mor si.
Publisert

Kva kunsten skal og kan vere, har blitt eit viktig tema for Hjorth. Er mor død tematiserer dei sterke reaksjonane og diskusjonane i kjølvatnet av Arv og miljø frå 2016. Forfattaren held fast på at kva slags relasjon eit kunstverk har til røyndomen, er uinteressant, sanningsverdien ligg i verknaden det har på tilskodar eller lesar.

Johanna er kunstnar og har budd tre tiår i USA. I samband med ei retrospektiv utstilling er ho attende i Noreg. Så veldig mykje arbeid med kunsten blir det ikkje, i staden eit omfattande minne- og kjenslearbeid. Tilhøvet mellom Johanna og familien hennar vart betent mange år tidlegare. Johanna stilte ut nokre bilete som vekte sterk harme og forarging i heimbyen, og som førte til eit endeleg brot etter lang tid med minimal kontakt. Som ung vaksen braut ho tvert ut frå det som hadde blitt ei tvangstrøye, eit konvensjonelt liv som foreldra hadde ført henne inn i. Ho stakk av til USA der ho endeleg fekk arbeide med og bli det ho inst inne ville. I oppveksten hadde faren håna teikningane hennar og sådd tvil om ho var riktig vel bevart. Mora var ambivalent, såg talentet, men vart skremd av det Johanna alt då formidla.

For familien ser det annleis ut, det er Johanna som har svike.

Ein viss motstand

Mora byrjar å bli gamal, kanskje er det snart for seint å ta dei viktige samtalene. Johanna vil så gjerne at mora skal forstå at det var nødvendig for henne å gjere det ho gjorde, leve slik ho har levd. Kort sagt lengtar Johanna etter å bli møtt og sett av den mora som sjeldan viste fram kven ho eigentleg var, i Johannas barndom. Ho vil dessutan gjerne skjøne meir av mor: Kvifor var ho ulykkeleg, kvifor mangla ho mot til å vere sann og ekte?

Dei første nesten hundre sidene kan lesaren kjenne ein viss motstand mot teksta. Er dette noko ein orkar gå inn i? Det kjennest litt klaustrofobisk å vere til dei grader inne i hovudet på Johanna og alle spørsmåla ho tumlar med. Snart merkar vi likevel: Alt som hender Johanna, hender no oss, alt som Johanna kjenner, kjenner vi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement