Bok

Krav og korona

Marit Eikemo tar originale grep i ein roman om vår krevjande og forvirrande tid.

Marit Eikemo har skrive fleire bøker, mellom anna seks romanar.
Marit Eikemo har skrive fleire bøker, mellom anna seks romanar.
Publisert

Kan det vere forfattaren Rachel Cusk som har inspirert Marit Eikemo til å skape ein hovudperson som vi berre ser utanfrå, gjennom dialogar og andre sine blikk?

Det skal godt gjerast å få det til på same vis som den canadiske verdsstjerna gjer, ho har erobra både lesarar og kritikarar. Eg meiner likevel Eikemo lykkast langt på veg i å kreere ei både interessant og sympatisk soge.

Som mange andre som følgjer ny litteratur på norsk, og særleg på nynorsk, har eg følgt Eikemos bøker med interesse. Eg har ikkje vore like oppglødd over alle romanane hennar, men Team Tuva tykkjer eg har fine kvalitetar.

Folk treng folk

Tuva er ei kjenslevar kvinne med mange udekte behov. I kvart kapittel møter lesaren etter tur dei som held Tuva på beina: presten, psykologen, juristen, bankdama og eit par til.

Men vent – har ho eigentleg så spesielt mange behov? I grunnen er teamet rundt Tuva ikkje særleg mykje større enn det som er vanleg for kvinner og menn av i dag. Etter som vi blir kjende med personane i denne sirkelen av støttepersonar, kjem det fram at like mykje som Tuva treng dei, treng dei sjølve omsorg og trøyst. Hjelparar og dei hjelpte står i ein gjensidig avhengigrelasjon. Kort sagt: Folk treng folk. Å kjenne seg utilstrekkeleg og sårbar er noko grunnleggande menneskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement