Bok
I betong under vatn
Bunkers er ei velskriven bok som mellom anna handlar om seg sjølv.
Rune Salvesen er busett i Sandnes og har skrive fleire romanar sidan debuten i 2005.
Foto: Ståle Eriksen
Transportsektoren har enno ikkje nådd fram til tilbodet «buss for buss» og ligg såleis etter litteraturen, som har funne opp metaromanen, altså den som mellom anna handlar om seg sjølv. No er det somme som meiner at slike romanar diskvalifiserer seg sjølv i utgangspunktet, av di dei øydelegg sine eigne fiktive lag, om slike finst, ved å understreka at dei er fiksjon.
Forfattarar som mest av alt vil gripa lesarane emosjonelt, vil gjera alt dei kan for å få det oppdikta til å sjå ekte ut, medan dei som heller vil ha eit reflekterande publikum, ikkje prioriterer kjenslene til lesarane. I den siste kategorien av forfattarar finn me Rune Salvesen, som i romanen Bunkers tidt lèt teksten stogga for å ta ein kikk på seg sjølv, på forfattaren og dei førre bøkene hans, på livet hans til no, og på, eller som kommentar til, det som finst av fiktive lag i romanen.
Ikkje nok med det: Her finst også tekst som er sladda, tekstar som er skrivne på langs av boksidene, eller stilte opp i smale kolonnar. Det er dessutan innslag frå ulike sjangrar i boka, slik at ho ovrar seg som ein collage.
Djupt alvor
Tittelen Bunkers, som representerer noko typisk norsk i adapsjonen av utanlandske ord, særleg frå engelsk, ved å ta med s-en som markerer fleirtal i eit eintalsord (drops, pins, caps), har ei reint konkret (bokstaveleg tala) tyding i boka, ein tysk undersjøisk bunker i farvatna nær Stavanger, der ein oppdikta mogleg terrorist, David, gøymer seg både før og under eit bombeåtak på Oljedirektoratet, medan han er i fysisk umogleg, men litterært mogleg dialog med ein viss ABB.
Boka handlar også om forfattaren Snorre Sand, som var med på å byggja ein undersjøisk bunker under krigen, og som har hatt planar om å skriva ein roman om dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.