JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Galen, men sprø

Dei krakilske kan òg krakelere. Det er berre litt færre som vil ha dei når dei er limte saman att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ragnhild Kolden skriv om Selma, som er klin kokos.

Foto: Tove K. Breistein

3281
20170811
3281
20170811

Roman

Ragnhild Kolden:

Det gode vi ikkje gjer

Samlaget 2017

Selma aner fred og ingen fare, då Paul plutseleg dukkar opp i bygda att etter mange år. Alt var så bra før han kom, ho gjekk turar i skogen, hadde det ganske greitt med mannen Samuel, og med dottera Jenny, sjølv om Jenny er innlagd på psykiatrisk institusjon. Så kjem slubberten Paul tilbake, rota til alt vondt i fortida, og kva kan ho gjere då, anna enn å setje han på plass.

Kjelda til konfliktar

Så er det berre det at Selma vel ein ekstremvariant av å «setje på plass». Dessutan tar ho feil i det meste: Paul er ikkje naudsynleg skuld i det ho trur; historiene ho har festa lit til, er kanskje ikkje dei sanne. Og ho hadde det ikkje som plomma i egget før Paul kom tilbake. Ho hadde eit svært labert tilhøve til både mann og dotter, og til resten av bygda. Det ser faktisk ikkje ut som om ho er i stand til å ha eit friksjonsfritt forhold til nokon, med mindre dei forsyner henne med noko som gir henne overtak over andre, som for eksempel konfidensiell informasjon frå journalen til dottera.

Ho er i det heile ikkje særleg velutstyrt når det kjem til sjølvinnsikt. Ho hevdar: «Eg vil helst berre ha eit roleg liv, at alt skal vera på det jamne og trygge. Konfliktar og krangel er det verste eg veit.» Men det er gjerne ho som er kjelda til konfliktane. Sannsynlegvis har ho sjølv bidrege til at dottera er psykisk sjuk, men ho ser berre det urimelege i at mødrer ikkje får vitje døtrene sine kva tid dei vil, på denne institusjonen. I hennar auge har «heile verda rotta seg saman» mot henne. Dei einaste som ikkje er med på dette komplottet, er fuglar og plantar, som ho dermed legg sin elsk på.

Tilgje eller forstå

Forfattar Ragnhild Kolden har eit fint og drivande språk, som ikkje trekkjer så mykje merksemd mot seg sjølv, men blir brukt til å skape eit psykologisk portrett av Selma, ei krakelert sjel. Selma har vaskemani, er hard og kantete i tonen, er mistenksam og utfører dei sprøaste handlingar. Ho er klin kokos, men ho har òg tilløp til andre, mjukare sider, som kjem fram når ho har litt medgang og overskot. Vi skjønar òg at ho har fortrengt ting så lenge at ho snart har fortrengt sin eigen hugs, og at det då kan vere vanskeleg å fote seg i verda.

Jon prest målber «bodskapen» i romanen: Vi treng ikkje berre tilgjeving for det vonde vi gjer, men også for det gode vi ikkje gjer – for unnlatingssynda. Dette ligg der som eit tankevekkjande spor heilt frå tittelen av, mest på den måten at ein minner seg sjølv på at det å ikkje handle òg er ei handling. Men ein tenkjer at også Selma, etter prestens logikk, har krav på tilgjeving. Kyrkjeleg sett er tilgjeving ein teknisk eller automatisk ting, alt etter korleis ein vel å sjå det, mens romanen, via forfattaren, kan tilby Selma forståing. I Koldens presise, skarpe og mørkt humoristiske teikning av Selma, er det faktisk mogeleg, i enkelte augneblikk, å forstå den galne, galne dama. Litt.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ragnhild Kolden har eit fint og drivande språk, som ikkje trekkjer så mykje merksemd mot seg sjølv, men blir brukt til å skape eit psykologisk portrett av Selma.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis