Bok

Eit oppkomme for namnenerdar

Upretensiøs og underhaldande guide inn i den norske namnefloraen.

Gøril Grov Sørdal kjem frå Vik i Sogn og har arbeidd i NRK sidan 2000.
Gøril Grov Sørdal kjem frå Vik i Sogn og har arbeidd i NRK sidan 2000.
Publisert

«Våre villaste og raraste stadnamn» er undertittelen Gøril Grov Sørdal bruker når ho legg ut på ei munter ferd på kryss og tvers i kongeriket. Ho har eit mangfelt materiale å ause av, og ein humrar og ler over namn som Ronketorpet, Hjemmeluft, Setersetersetra, Kuserud, Skrukkefylla og Makrellbekken, for å nemne nokre få frå dei fyldige listene. Sørdal deler materialet inn i etter ymse samletema som «Heilt bananas», «Heilt fjernt», «Dei grove», «Tull og Tøyserud» – i alt 16 kapittel med ein kviss kring innbyggjarnamn som avslutning.

Alt er ryddig, oversiktleg, uhøgtidleg og underhaldande, men slett ikkje utan ei viss fagleg tyngd, for i botnen av prosjektet ligg ei genuin interesse for namnegransking, språkhistorie og ein inngåande lokalkunnskap.

Byluft

Ho er innom namn og nasjonsbygging og den store namnerevisjonen som blei gjort tidleg på 1900-talet, da Kristiania blei Oslo, Fredrikshald blei Halden, ja, svært mange av dei opphavlege norske namna fekk tilbake skriftforma si, slik at Tutterøen igjen blei Tautra og Klædeboderne igjen blei Klæbu. I Finnmark og Troms oppstår det også luftige namn der norsk møter samisk; Jiemmalouvta blir til Hjemmeluft, Builouvta blir til Byluft, og skilting på samisk og kvensk er betente saker mange stader i nord.

Ein ler godt av eit namn som Skrukkefylla og ser for seg pensjonistar i Syden, men Skrukkefylla i Flå er eit særs godt fiskevatn der ein kan fylle skrukka si i ei handvending.

Makrell i ferskvatn er naturstridig; likevel finn du Makrellbekken både i Asker, i Larvik og på Eidsvoll, og alle stader dannar bekken grense mellom eigedommar, med andre ord eit markskilje som lydforskyvingar og folkeetymologien har gjort om til makrell.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement