Bok

Danmark-Noregs mørke historie

Fjorårets black lives matter-protestar og debatt om kolonitid, rasisme og statuar gjer historikaren Roar Løkens bok om dei dansk-norske tropekoloniane høgst aktuell.

Ants Lepson: «Fredensborg laster slaver» prydar bokomslaget.
Ants Lepson: «Fredensborg laster slaver» prydar bokomslaget.
Publisert

Hausten 1620, etter nesten to års seglas, ankra orlogsskipet «Elefanten» frå det danske Ostindisk Kompagni opp ved den vesle fiskarlandsbyen Taramgambadi på søraustkysten av India. Sjølv om ekspedisjonen frå København hadde kosta over 200 mann livet, kunne leiaren Ove Gjedde sjå seg nøgd med han fordi han hadde lykkast med å få til ein avtale med den lokale herskaren i Tanjore om å få lov til å byggje ein forskansa handelskoloni i Taramgambadi.

Namnet blei fordanska til Trankebar. Dette blei byrjinga på Danmark-Noregs koloniengasjement i tropane som slutta først med salet av koloniane i Karibia til USA i 1917.

India og Indonesia

Det var ikkje berre varer som pepar, kanel, sukker, ris, bomullstekstilar og salpeter Ostindisk Kompagni kjøpte i Trankebar. Løken kan òg fortelje at Ostindisk Kompagni var involvert i slavehandel i India og Indonesia, og at dansk-norske skip frakta indiske og indonesiske slavar til Sør-Afrika. Det er interessant at Løken trekkjer fram denne mest ukjende slavehandelen, men det hadde gjort det meir interessant om han hadde freista å kartleggje omfanget av denne handelen.

Løken omtalar vidare korleis Danmark-Noreg blei ein viktig aktør i den transatlantiske slavehandelen. I 1665 annekterte Danmark-Noreg den karibiske øya St. Thomas, og i første halvdel av 1700-talet skaffa Danmark-Noreg seg dei to karibiske øyane St. Jan og St. Croix. Omtrent på same tid inngjekk Danmark-Noreg avtalar med lokale kongar på Gullkysten, i det noverande Ghana, om å få byggje fleire slavefort der.

Skipa gjekk frå København til Gullkysten med europeiske varer, særleg våpen, krut og brennevin, som blei bytte bort mot gull, elfenbein og slavar. Slavane blei frakta til Karibia der dei blei selde. Mange av slavane kom til å arbeide på sukkerplantasjane på dei dansk-norske koloniøyane. Deretter vende skipa tilbake til København med råsukker, tobakk, bomull og andre varer. Slavetransporten var betydeleg, ifølgje Løken frakta danske og norske skip om lag hundre tusen slavar over Atlanteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement