Bok
Brennemerkt kjærleik
Denne kjærleikssoga frå Auschwitz har feil og manglar.
Heather Morris arbeidde som manusforfattar før ho debuterte med romanen om Auschwitz.
Foto: Aschehoug
Er det mogleg å setje ord på vondskap og bestialitet som går utanpå vanleg fatteevne, finne språk for dei mest uhyrlege handlingane? Det hender gode skrivarar får det til. Heather Morris høyrer ikkje til blant dei. Tatovøren i Auschwitz er ein salsmessig suksess. Boka har fått mykje merksemd, men ikkje berre positiv. Fleire ekspertar har peika på historiske faktafeil. Sjølv om ein gir ei bok merkelappen «roman», bør forfattar og forlag vere påpasseleg med å få fakta rett når ein skriv med utgangspunkt i verkelege menneske og verkelege hendingar – og særleg om eit emne som holocaust.
Mot alle odds
Lale Solokov, fødd i 1916 i Slovakia, døydde i 2006. Han hadde då levd mange år i Australia, der Heather Morris vart kjend med han. Morris gjorde fleire intervju med han dei siste åra han levde, og det er desse ho byggjer romanen på. Saman med mange andre jødar vart Lale deportert og ført til Auschwitz i april 1942. Framme i leiren får han den obligatoriske tatoveringa, like smertefull som audmjukande og identitetsrøvande. Snart får Lale tilbod om sjølv å bli tatovør, ein posisjon med store privilegium. Det gjer han potensielt til ein hata mann, men kan òg vere den einaste måten å overleve på. Lale freistar dessutan å hjelpe andre i leiren med mat som han byter til seg frå kontaktar utanfrå.
Ein dag kjem ei stor gruppe kvinnelege fangar til leiren. Mellom desse er ungjenta Gita frå Bratislava. Lale brenn nummeret inn i armen hennar, og Gita brenn seg inn i hjartet hans. Under dei umenneskelege levekåra i leiren blir det kjærleiksforholdet som held desse to oppe. I tillegg hjelper det andre i leiren til å halde ut og til å finne utvegar som kan forlenge livet. Forteljinga om denne kjærleiken, som sigrar mot alle odds, er nok det som har bana veg for suksessen til boka.
Manglande truverd
Boka gir innblikk i livet i ein konsentrasjonsleir og kan heilt klårt ha sin misjon for lesarar som ikkje veit mykje om emnet. Det er likevel fleire problematiske sider ved romanen. Auschwitz Memorial Research Centre har publisert ein rapport som imøtegår fleire av påstandane i boka. Dei hevdar at som eit dokument over konsentrasjonsleirane har Tatovøren i Auschwitz ingen verdi. Sjølv nummeret som Lale tatoverer på Gitas arm, kan ikkje vere rett, meiner dei. Når ein så vesentleg detalj ikkje er blitt riktig, blir truverdet til boka og prosjektet svekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.