JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Andaktsbok i vitskapeleg klesdrakt

Framstillingsforma er ikkje dogmatisk, og Moxnes er idéhistorisk kunnskapsrik og ein dyktig formidlar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jesus lækjer ein lam mann ved bassenget i Betsaida. Målarstykke av Bartolome Esteban Murillo frå 1670.

5491
20171110
5491
20171110

SAKPROSA

Halvor Moxnes:

Historien om Jesus

forlag

I det siste har det kome fleire bøker om Det Gamle Testamentet og Det Nye Testamentet og Jesus. No har det alltid vore laga slike bøker, men kan det vera at eit reformasjonsjubileum kombinert med avskaffinga av statskyrkja har gjeve ekstra motivasjon til forlag for slike publiseringar? Den siste boka i denne bølgja er skriven av Halvor Moxnes, og har fått eit noko merkeleg namn: Historien om Jesus. Merkeleg av di ein ut frå innhaldet snarare ville trudd tittelen skulle ha vore Historiene om Jesus, eller aller helst Forteljingane om Jesus. I fleire av kapitteloverskriftene vert fleirtalsforma brukt: «Jesus-biografier», «Jesus-historier», «Mothistorier», «Historier».

Men Moxnes har ei forklaring: Teologar står ikkje attende for humanistar når det gjeld skiftande metodemotesvingingar. No er det noko som heiter minneforteljingar som er i skotet. Så Moxnes tenkjer seg at det var ein person, Jesus, som faktisk gjekk ikring i Palestina og sa og gjorde mykje, og at dette vart opplevd av mange andre i ein kultur der ein tok vare på det som hende gjennom munnleg tradisjon. Dette gav desse personane kollektive minne som til slutt vart tekne vare på i skriftleg form, der ulike versjonar la vekt på ulike hendingar og ord. Slike forteljingar vert kalla minneforteljingar. «Historien» i tittelen må då vera den felles referansen for dei ulike minneforteljingane.

Minneforsking

Sant å seia verkar uttrykket som smør på flesk: Alle forteljingar om noko som har hendt, er vel minneforteljingar? Men poenget er nok å laga ein teknisk term som kan brukast på eit nytt forskingsfelt, nemleg minneforsking: Der studerer ein psykologisk, nevrologisk og sosialantropologisk korleis kollektive minne vert danna og tekne vare på. Her er det sjølvsagt ulike skular: Éin er kritisk og ser på korleis notida gjer at vi kan laga falske minne. Moxnes, derimot, meiner felles opplevingar gjer at slike minne er sanne, om enn delvise.

Dette gjer at han kan hoppa bukk over vitskapeleg, historiefagleg forsking på den historiske Jesus – ei forsking historikaren Per Bjarne Ravnå brukar i den nyleg publiserte boka Jesus fra Nasaret. Mislykket profet eller Guds sønn?. For om ein ser på kjeldene om Jesus som om dei var vanlege kjelder om ein vanleg historisk person, er det knapt nok materiale til å koma med særleg sikre påstandar. Ateisten Ravnå konkluderer da også med at Jesu var ein mislukka profet som ikkje stod opp frå dei døde. Men sjølv kristne forskarar på den historiske Jesus skrellar gjerne bort meir enn godt er for vanlege truande.

Slik bruk av minneforsking gjer at Moxnes’ bok vert ei andaktsbok i vitskapleg klesdrakt. Når evangelia vert truverdige takk vera tru på at evangelistane bygde på kollektive minne av faktiske hendingar, vert det meste av dogmatikken om Jesus berga. Dette betyr likevel ikkje at boka vert uinteressant for ikkje-truande: Framstillingsforma er ikkje dogmatisk i seg sjølv, og Moxnes er idéhistorisk særs kunnskapsrik og ein dyktig formidlar. Etter å ha gått gjennom dei fire evangelia med vekt på likskapar og skilnader, òg vurdert i lys av sjangerkonvensjonar på den tida, får vi mykje interessant stoff om dei apokryfe forteljingane og evangelia. Og om Moxnes er lite kritisk til minna evangelistane har, slepper han til det han kallar mothistorier, slike som vart laga for å undergrava dei overnaturlege trekka ved minneforteljingane til evangelistane: Til dømes jødiske forteljingar som skal visa at Jesus ikkje var nokon Messias, og særleg Koranens framstilling av Jesus som stor profet, og ingen monoteismetrugande son av Gud.

Idéhistorisk

Halvvegs i boka vert ho tydelegare idéhistorisk, og vi vert kjende med korleis nyare historiske personar som Franz av Assisi lagar minnekopiar av Jesus ut frå minneforteljingane til evangelistane. Ja, heilt fram til moderne tid der målarar og filmskaparar (Pasolini), diktarar (Saramago) og popmusikarar (Eidsvåg) gjer det same. Han gjev òg ein god analyse av korleis Jesus vert gjort norsk i norsk målarkunst og salmedikting. Ei kort historisk framstilling av norske teologiske minneforteljingar får han òg plass til: frå Garborg over Hallesby og Schjelderup til Jacob Jervell.

Noko paradoksalt er det framstillinga av den historiske Jesus-forskinga som er mest interessant. At mellomalderens bilete av Jesus som himmelherskar vert gradvis erstatta av biletet av Jesus som fattig menneske, gjer eit slikt reint historisk perspektiv mogeleg. Så følgjer vi rasjonalismens avvising av mirakel, gjennom 1800-talet til Schweitzer og Bultmann. Hovudinntrykket, både av denne historieforskinga og den samtidige teologien, er at ettersom det finst så få og mangetydige tekstdata, verkar det som det knapt er grenser for innfallsvinklar: Tenkte Jesus innanfor jødiske kategoriar, og er biletet av han i dag laga av dei overlevande skuffa disiplane, som difor måtte konstruere ein universalistisk erstatningsteologi? Eller var han universalist frå første augeblikk? Alle tolkingar er like mogelege.

Om dette vert ståande att etter denne boka, gjev ho kritisk perspektiv ut over det Moxnes kan hende sjølv tenkte seg.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noko paradoksalt er det framstillinga av den historiske Jesus-forskinga som er mest interessant.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis