Attende til kjeldene
Kim Rysstad byr på ei fin innføring i setesdalssongen.
Kim Rysstad vart kjend for mange gjennom Stjernekamp på NRK og deltaking i Melodi Grand Prix i 2020.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kim Rysstad vart kjend for mange gjennom Stjernekamp på NRK og deltaking i Melodi Grand Prix i 2020.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kvedaren Kim Rysstad har markert seg tydeleg som ein av våre fremste formidlarar av vokalmusikk frå Setesdal. Samstundes har han òg sysla mykje med populærmusikk, mellom anna som deltakar i NRKs underhaldingsprogram Stjernekamp. På denne plata vender han attende til kjeldene sine – for det meste solistisk – men på somme av songane har han fått med seg gitarist Trym Bjønnes, felespelar Daniel Sandén-Warg og kvedarane Eldbjørg Trydal Rysstad og Kirsten Bråten Berg. Sistnemnde har dessutan vore lærar for Kim.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.