Musikk
Arkivet: Baudelaire i Bergen
Susanna Wallumrød spelar i Bergen laurdag 23. oktober.
Foto: Susannamagical.com
I morgon kveld gjestar Susanna Wallumrød Litteraturhuset i Bergen for å framføre songar frå Baudelaire & Piano, albumet der ho toneset ti dikt frå Charles Baudelaires Det vondes blomar. Utgivinga fekk flotte kritikkar då ho kom ut for vel eit år sidan.
Det har gått 200 år sidan Charles Baudelaire vart fødd, 9. april i Paris, og det skortar ikkje på jubileumsmarkeringar rundt om i verda. Mellom mine favorittar dette året er nok ein gimmick, pønska ut av den italienske bonden som pløgde portrettet til poeten inn i ei mark og la inn ein aldri så liten referanse til eit visst virus («Le Virus du Mal»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.