Musikk
Allmennpraktikar
Kva særmerkjer Antonio Vivaldi som kyrkjemusikkomponist?
Alten Delphine Galou er fenomenal i dei rolege satsane.
Foto: Giulia Papetti
Det var ikkje sjølvsagt at den venetianske fiolinvirtuosen og komponisten Antonio Vivaldi (1678–1741) skulle skriva vokalmusikk. Kyrkjemusikk med kor og solistar var vanlegvis noko songarar tok seg av, eller musikarar som spelte klaverinstrument. Greitt nok var han prestevigsla, noko som var ein god kvalifikasjon til ei kyrkjemusikalsk leiarstilling (som maestro di capella eller maestro di coro). Men personlegdommen og levesettet, med stadige reiser og dubiøse forhold til songarinner, gjorde han til ein dårleg stilt kandidat som kyrkjemusikar.
Åra 1926 og 1930 er viktige årstal i verknadssoga til Vivaldi. Hadde det ikkje vore for at ein då oppdaga nesten 200 bind med notar, dei fleste i Vivaldis handskrift, hadde nok musikkhistoriebøkene berre omtalt han som framifrå instrumentalkomponist. Men desse såkalla Turin-handskriftene provar at han òg hadde minst femti kyrkjemusikalske komposisjonar på verklista, i tillegg til fleire operaar. Vivaldi var altså ein allmennpraktiserande komponist.
Vivaldi Edition
Plateselskapet Naive har i ei årrekkje spelt inn musikken frå Turin-handskriftene i albumserien Vivaldi Edition, som er lett attkjenneleg på plateomslaga (kvinner i underlege, minimalistiske kostyme). Musica sacra con alto utgjer volum 59 og inneheld – som namnet seier – sakralmusikk for altstemme.
Den franske songsolisten Delphine Galou er uvanleg skikka til oppgåva. Det høyrer me i opningssporet, resitativet i solomotetten Filiae maestae Jerusalem, RV 638, der ho vibratolaust snik seg inn over eit teppe av strykarar. Ho nyttar altså ikkje vibrato, men dynamikk og klangutvikling til å utfalda og variera lange tonar. (Å «svella på tonen», kallar me det på musikarspråket.) Denne songteknikken er føreskriven i historiske songskular, men blir diverre sjeldan nytta skikkeleg av moderne songarar, sjølv ikkje av ekspertar på barokkmusikk.
Bit frå seg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.