Skaper eit viktig mangfald

Publisert

Det er mange som fortener ekstra merksemd i desse tider. Her kjem ei hyllest til alle dei sjølvstendig næringsdrivande som driv små selskap eller personlege firma, og alle dei ulike utøvande musikarane, kulturarbeidarane og frilansarane av eitt eller anna slag som gjennom eit mangfald av ulike jobbar, stipend og offentlege tiltak til slutt klarer å skapa seg eit levebrød.

Mange av desse har no mista delar av eller alle inntektene sine. Difor er det viktig at Stortinget kjem med ei kompensasjonsordning for dei verksemdene som på grunn av smitteverntiltaka har ein vesentleg nedgang i omsetjing.

Men kompensasjonen vil aldri kunna tilsvara det reelle tapet til mange av dei råka. Koronakrisa har synleggjort eit skarpt skilje mellom dei som har fast inntekt, særleg dei som er tilsette i offentleg og kommunal sektor, og dei som arbeider frilans eller i små sjølvstendige verksemder. Faren er at mange av desse no skal gå konkurs eller tapa så mykje pengar at dei ikkje kjem i gang att når samfunnet er tilbake til normalen.

Sjølvstendig næringsdrivande er som regel initiativrike, løysingsorienterte og pragmatiske, og dei skapar eit mangfald som er særs verdfullt for samfunnet. Vi må difor gjera det vi kan for at desse kan halda fram med arbeidet sitt når den økonomiske krisa er over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement