Nye politikontor

Publisert

Regjeringa har i tråd med lovnadene dei gav før valet, vedteke å etablera nye politikontor etter at den førre regjeringa la ned fleire kontor. Tidlegare i år fekk fleire stader sommaropne politikontor, blant anna Engerdal, Mortensrud i Oslo, Salangen, Sigdal og Meråker.

Denne veka vart det kjent at Sørumsand, Rakkestad, Karlsøy, Kvinesdal, Levanger, Nesodden, Sør-Odal, Vaksdal, Åseral og Hemsedal er dei heldige som skal få nye heilårskontor.

Men skal ein tru oppslag i fleire nettaviser, er det heile berre tull. I kjend tabloid stil hadde Nettavisen tittelen «Slaktes etter politinyhet – elendig». Aftenposten har tittelen «Åpner ti nye tjenestesteder for politiet. – Arrogant, sier Politiets Fellesforbund». NRK-nett skriv «Polititopper hardt ut mot regjeringen».

Visepolitimeister i Vest politidistrikt Arne Johannessen fylgjer opp og fortel til NRK at han heller vil styrkja digitale løysingar, og kallar opprettinga av dei nye kontora for ei symbolpolitisk handling. «Et kontor med et politiskilt på veggen gir ingen polititjeneste», seier Johannessen.

Det siste er sjølvsagt rett, men Johannessen har langt ifrå støtte blant alle i politietaten. Politistasjonssjef på Voss Ivar Hellene feira etableringa av det nye politikontoret med kake og meinte det var ein dag å gleda seg over. Til avisa Hordaland fortel han at responstida no vil gå kraftig ned i Vaksdal kommune.

Nettopp – det er poenget. Folk må kjenna seg trygge. Politi i nærområdet bidreg til det og gjev større sjansar for førebygging. Dei digitale løysingane til Johannessen er vel og bra, men hjelper ikkje mykje når det er alvor og det hastar med å nå fram. No må regjeringa fylgja opp med fleire stillingar til politiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement