Ny språkmelding
For alle som er glade i nynorsken, er vekas leiar trist lesnad. Men fyrst det positive: I Sogn og Fjordane nyttar 97 prosent av grunnskuleelevane nynorsk. I Møre og Romsdal 54 prosent. I Hordaland 39 prosent. I Rogaland 23 prosent. Og trass alt 17 prosent i Oppland. Dårleg, men likevel 9 prosent i Telemark. For heile landet er talet 12 prosent nynorskelevar, syner tala frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2016–17.
Så resten av røyndomen: 5 prosent i Aust-Agder og 2 prosent i Buskerud. Berre 15 nynorskelevar frå Sør- Trøndelag til Finnmark. Berre 1 nynorskelev i Hedmark, 3 i Akershus og ingen i resten av fylka.
Forutan i Aust-Agder og Buskerud er det lite å gjera med dette. Det avgjerande må vera å stogga fråfallet av nynorskelevar frå grunnskulen til vidaregåande skule. For talet på nynorskbrukarar går ned frå 12 prosent i grunnskulen til 6 prosent når elevane har kome på vidaregåande skule. I Rogaland åleine går talet frå 23 til 5 prosent. I Oppland frå 17 til 6 prosent. Og i Hordaland vert talet halvert – frå 39 til 19 prosent.
Undersøkingar syner at mange av dei som går over til bokmål, fortel at «det berre vart slik« og at «bokmål er lettare». Det kan ein skjøna. Det er ikkje berre lett å halda fram med nynorsk når ein kjem frå ein gamal nynorsk skulekrins til ein vidaregåande skule i byen der undervisinga går føre seg på bokmål. Dessutan har lærebøkene mindre plass i undervisinga i dag. Mykje av undervisingsmateriellet vert henta frå nettet, der det meste er skrive på bokmål.
Eit slikt målskifte kan motverkast om ein får auka byrgskapen for nynorsken mellom unge nynorskbrukarar. For det skal ein del til å stå imot når ein vert i mindretal i ein klasse. Og kanskje fleire bokmålsbrukarar kan tala vel om nynorsken? For velviljen er der – det merkar vi på dei mange bokmålsbrukarane som gjerne skriv nynorsk i Dag og Tid.
Stortinget har ikkje drøfta dei overordna utfordringane rundt det norske språket sidan 2009. Det held ikkje. Stortinget bør koma opp med ein ny forpliktande langtidsplan for språket vårt – inkludert tiltak for korleis nynorsken skal kunne bergast. Regjeringa må difor leggja fram ei stortingsmelding så fort som råd.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.