Nord-Noregbanen vert for dyr
Tog er ein fantastisk reisemåte. Særleg om togselskapet er raust og gjev passasjerane litt plass mellom stolane i kupeen og tilgang til ein liten kafé på lange strekningar.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fekk ei klar tilråing om å droppe Nord-Noregbanen i ei ny utgreiing frå Jernbanedirektoratet. Her saman med Anders Kirsebom, konserndirektør for regionale lufthamner, Sven Martin Tønnesen, avdelingsdirektør i Kystverket, Knut Sletta, jernbanedirektør, og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Foto: Fritz Hansen / Fremover / NTB
Bur du langs ei jernbaneline, er du privilegert. Ikkje minst fordi banen kan erstatta dei mange trafikkfarlege vogntoga langs vegane.
Difor er det fullt forståeleg at mange har ivra for Nord-Noregbanen. Debatten har gått tiår etter tiår. For 30 år sidan handsama Stortinget dei fyrste planane. Banen kunne fått mykje av tungtransporten til og frå Nord-Noreg bort frå vegane og knytt landsdelen nærare Sør-Noreg.
Problemet er at bygging og drift av jernbanar er dyrt i Noreg. Det er grunnen til at Bergensbanen har mykje av den same traseen som i 1909 – og faktisk har lengre reisetid no enn for 50 år sidan.
Det er ikkje som å byggja jarnbane i Tyskland. Mellom Hamburg og Berlin, med eit passasjergrunnlag på fem millionar menneske, la dei jernbanespora 290 kilometer over flat mark og har enda med ei reisetid på ein time og tre kvarter.
Utfordringane til Nord-Noregbanen frå Fauske til Tromsø kunne ikkje vore meir ulike. På veg mot Tromsø, der det bur 64.000 menneske, må ein gjennom det mest krevjande landskapet ein kan tenkja seg for ein jernbanetrasé.
Men det vert for dyrt. Skal ein tru rapporten som Jernbanedirektoratet la fram, vil banen kosta 280 milliardar. Det kan ikkje forsvarast. Kva med argumentet om klimaeffekten? I Store norske leksikon står det jo at banen vil føra til reduserte C02-utslepp.
Tvert imot syner rapporten at banen har negativ innverknad på klimaet. Redusert trailertrafikk vil aldri kunna vega opp for dei store klimagassutsleppa som bygginga av banen vil gje.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Bur du langs ei jernbaneline, er du privilegert. Ikkje minst fordi banen kan erstatta dei mange trafikkfarlege vogntoga langs vegane.
Difor er det fullt forståeleg at mange har ivra for Nord-Noregbanen. Debatten har gått tiår etter tiår. For 30 år sidan handsama Stortinget dei fyrste planane. Banen kunne fått mykje av tungtransporten til og frå Nord-Noreg bort frå vegane og knytt landsdelen nærare Sør-Noreg.
Problemet er at bygging og drift av jernbanar er dyrt i Noreg. Det er grunnen til at Bergensbanen har mykje av den same traseen som i 1909 – og faktisk har lengre reisetid no enn for 50 år sidan.
Det er ikkje som å byggja jarnbane i Tyskland. Mellom Hamburg og Berlin, med eit passasjergrunnlag på fem millionar menneske, la dei jernbanespora 290 kilometer over flat mark og har enda med ei reisetid på ein time og tre kvarter.
Utfordringane til Nord-Noregbanen frå Fauske til Tromsø kunne ikkje vore meir ulike. På veg mot Tromsø, der det bur 64.000 menneske, må ein gjennom det mest krevjande landskapet ein kan tenkja seg for ein jernbanetrasé.
Men det vert for dyrt. Skal ein tru rapporten som Jernbanedirektoratet la fram, vil banen kosta 280 milliardar. Det kan ikkje forsvarast. Kva med argumentet om klimaeffekten? I Store norske leksikon står det jo at banen vil føra til reduserte C02-utslepp.
Tvert imot syner rapporten at banen har negativ innverknad på klimaet. Redusert trailertrafikk vil aldri kunna vega opp for dei store klimagassutsleppa som bygginga av banen vil gje.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.