Lær av Stavanger

Publisert

Samstundes som vi har ein serie i Dag og Tid om digitaliseringa i skulen, kom siste Pisa-undersøkinga denne veka. Ho syner lita endring i kunnskapen til elevane, trass i at talet på elevar som har fritak frå testane, har auka frå 2,7 til 7,9 prosent. Dei med fritak er dei svakaste elevane, så i praksis syner undersøkinga at vi har hatt ein reell nedgang i kunnskap dei siste åra.

Ein kan meina mykje om Pisa-undersøkingane og kva verdi dei har når ein samanliknar resultata med andre land, men Noreg 2019 samanlikna med Noreg 2001 er i alle høve interessant. Trass i innføringa av skulestart for seksåringar og lærarar som stadig må rapportera og fylla ut evalueringsskjema, er den norske skulen altså ikkje vorten noko betre.

Kanskje den store digitale satsinga kan ha noko av skulda? Det er ei satsing som har lite grunnlag i forsking. Som vi skreiv førre veke: Om ein samanliknar resultata frå lesing av same typar tekstar i ulike medium, gjev skjermlesing dårlegare forståing av innhaldet enn om ein les på papir, syner leseforskinga.

Difor bør resten av landet læra av Stavanger. Der har kommunen innført mobilforbod, og ingen i 1. til 4. klasse får sin eigen private PC. PC-en skal no berre takast fram når læraren meiner det er trong for det. Dette er eit fornuftig vedtak og bør utvidast til å gjelda dei eldre elevane òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement